Friuli

Vinnae 2003, Silvio Jermann
100% ribolla gialla.
Lys strågul.
Gule eple, bolledeig og litt oksidativ på lukt.
Litt tropisk på smak. Medium syre. Lett bitter finish. Ikkje veldig spanande. Kanskje betre i eit meir “normalt år? Skuffande.

Ribolla Gialla 2003, Stanislav Radikon, Oslavje, Venezia Giulia
Rosaoransje farge!
Søtlig duft av aprikos og litt mineral. Litt floral og noko såpete?
Syrlig vin med tanninbitt og ein del fylde. Fin floral finish. Mest spanande på lukt.

Halvlitersflaske, lite svovel og tilrådd serveringstemperatur 15 grader.

Flaccianello x 2

Familien Manetti hadde vore 300 år i keramikkbransjen då dei i 1968 kjøpte eigedomen Fontodi. Vinmark i Toscana var billig. Mykje dårlig vin i bastkledde flasker hadde vore med på å skape eit heller frynsete rykte for Chianti som kvalitetsvin. Sjølv om eigedomen var rimeleg, så måtte det investerast mkje i byggningar og nyplanting. No eig dei 67 hektar i Panzano i hjartet av Classico-regionen. Men deira kanskje beste vin er ikkje ein DOCG Chianti, men “røvarvinen” Flaccianello della Pieve. Flaccianello er ei vinmark på 10 hektar planta med sangiovese, og vinen ligg 16-18 månader på fransk eik. Fyrste årgang var 1981, og dette var av dei fyrste “supertoscanarane” med 100% sangiovese, dei fleste andre var “supre” på grunn av cabernet eller merlot.

Flaccianello della Pieve 2004, Fontodi
Mørk brunraud vin.
Litt grøn og urteaktig med litt støv. Er denne heilt korrekt?
På smak er det varme bær. Medium fylde og veldig snerp. Fin saftig finish. God vin, men alt for ung.

Flaccianello della Pieve 1995, Fontodi
Brunraud med lysare kant.
Flott nase av varme moreller og eik. Vanlije. Fruktig, ok ein god del eik, men ikkje dominerande. Ein del fjøs ved opning, men etter ein time er det nesten borte. Treng litt lufting.
Fruktig vin med fin syre, god fylde. Kirsebæraktig med mogne tanniner. På topp no etter min smak.

Riesling x 5

Fem karar var samla litt over Bellevue for å smake litt riesling. Fyrst ein landskamp mellom Frankrike, Tyskland og Austerrike, og til slutt to kosevinar frå Mosel.

Schlossböckelheimer Kupfergrube Riesling Spätlese Trocken 2005, Schäfer-Frölich, Nahe
Lys strågul. Tropisk lukt og litt mineral. Sjølv om dette er ein trocken, er det litt sødme. Epler og mineral også på smak. God vin som kjem seg med luft og tid. Relativ lett og fin.

Riesling Cuvée Frédéric Émile 2002, Trimbach, Alsace
Syrlig og mineralsk med ein litt metallisk lukt.
Tørr vin med god syre, sitronprega og mineralsk. God fylde. Kanskje best til mat.

Opna 3 timar før test. Lufta i mugge i ca 1 time.

Riesling Vom Stein 2005, Nikolaihof, Wachau
Relativt lys.
Tropisk på lukt. Flott balanse og syre. Tørr men ikkje fanatisk. Min favoritt.

Dermed var landskampen over og vi kunne lene oss attende med fyllte glas med sursøt eliksir frå Mosel og Saar.

Ürziger Würzgarten Riesling Auslese Goldkapsel 1994, Dr. Loosen
Mogen gyllen gulfarge.
Flott tekstur, honning og botrytis. Tilstrekkelig med syre men heller ikkje meir. God mogen auslese.

Scharzhofberger Riesling Spätlese 2005, Reichgraf von Kesselstatt, Saar
Lys.
Herlig syre, lime, skifer. Lang. Syrlig men søt. I følgje nettsidene til polet har denne vinen 122 g/l restsukker, noko som må vere i toppskiktet for spätlese.

Auslese frå soluret

Johann Josef Prüm-eigedomen har eksistert sidan 1911, då han vart skild ut frå S. A. Prüm. Tilhaldstaden er Wehlen på sørsida av Mosel. Vinmarkene derimot, ligg i solsteiken på nordsida. Zeltingen Sonnenuhr, Graacher Himmelreich og Bernkasteler Badstube er nokre av vinmarkene, men best er nok Wehlener Sonnenuhr.

Wehlener Sonnenuhr Riesling Auslese 1995, Joh. Jos. Prüm.

Epleprega syrlig auslese med moderat sødme. Mineralpreget kjem med litt luft. God, men ganske stram. Ikkje veldig generøs på lukt. Skal det berre vere slik, eller vil det blomstre? Dette kan nok sikkert lagrast i mange år til, men då vert det ikkje mykje sødme igjen.. Og det er vel litt av vitsen med auslese, eller? Kanskje løysinga er Goldkapsel neste gong. Eg er glad i syre, men her hadde eg ønskt meg meir sødme i rekneskapen.

På dag to er syra betre integrert og det er også litt smør. Gode greier.

Hundekøyraren, provokatøren og perfeksjonisten Didier Dagueneau gjer ting på sin måte. Frå 11,5 hektar rundt Saint Andelain lagar han fire-fem Pouilly Fumé-cuveear som overgår det meste i den appelasjonen. Hans eiga øvre grense for utbytte er på 45 hl/hektar mot lovlige 55 hl/hektar. Dei to beste vinane hans er Pur Sang og Silex. Pur Sang kjem frå ei vinmark som heiter La Foile med leire- og kalksteinsjord. Vinen gjærar på eikefat som han sjølv har sett spesifikasjonane på.

Pouilly Fumé Pur Sang 1999, Didier Dagueneau, Pouilly Fumé, Loire, Frankrike

Endelig skulle eg smake på denne mykje omtala vinen. Eg hadde store forventningar, og dei infridde. Her var det på nasen ting som minna om Istvan Szepsy sine vulkanskduftande mineralske vinar frå vinmarker omkring Mád i Tokaj. Ei søtlig lukt av noko eg vil beskrive som ein blanding av røyk og “lemoncurd”. Det er også eit Chablismineralsk preg, og litt gule epler. Diskret eiketoner. Tørr vin med god konsentrasjon og litt oksidative epler i finish. No er vinen ni år. Det er kanskje ikkje meir å hente? Best på lukt. Svært ulikt det meste eg har smakt av sauvignon blanc frå både Loire og elles.

Gewürztraminer

Ny by, ny gjeng, nye vinar. Fire karar var samla oppe i lia med fin utsikt over Bergen til smaking av fem Gewürztraminer-vinar. Alt i alt litt skuffande resultat, men Hugel viste nok ein gong frå ei god side.

Gewürztraminer 2007, San Michele Appiano
Lys strågul vin. Lichi og litt eple. Syntetisk og litt metallisk lukt. Manglande konsentrasjon og litt alkoholstikk i avsluttninga. Ikkje nokon god ambassadør for italiensk gewürztraminer. 159,-

Gewürztraminer 2006, Dopff & Irion
Lys strågul. Søtlig frisk frukt og lichi på lukt. Ikkje veldig spanande. 131,-

Gewürztraminer Wintzenheim 2005, Zind-Humbrecht
Her var det noko feil med flaska. Eit snev at noko Zind-Humbrechtsk under, men ikkje drikkande. Synd. 250,-

Gewürztraminer Late Harvest 2005, Santa Rita
Strågul. Fudgeprega søt vin med lite gewürztraminer-preg. Ok syre, litt anonym vin. 150,-

Gewürztraminer Vendange Tardive 2000, Hugel
Strågul vin. Mineraler søte frukter og sitrus. Søt vin med frisk syre. Kveldens vin blant dei fleste. 219,-

Impulskjøp

Var ein tur på polet på Bystasjonen, og medan eg gjekk der og kikka i hyllene tok eg like godt med tre flasker til kassa og så vart det handel. Vanligvis har eg nøye studert meldingar og kritikk av ein vin før eg går til innkjøp, men denne gongen vart det på impuls. Og jammen vart eg positivt overraska. Med familie på besøk vart det opna to av dei. Fyrst ein Pierre Peters Cuvée de Réserve Blanc de Blancs Champagne. Fin mousse, gjærdeig og sitrusprega i starten, men med litt luft kom det grøne epler og godt steikt brødskorpe. God syre. Trass i at dette er rein chradonnay synes eg at den var mindre chardonnayprega enn ein Lanson Gold Label 1996 som eg drakk førre helg. Og den er jo med 53% pinot noir! Så var det tid for Quart de Chaume 2004, Château la Variére. Ein svært positiv overrasking. Eg såg i ettertid av vinforum.no gav litt lunkne kritikkar, så då vart eg skeptisk. Men det var det ingen grunn til. Lys gyllengul vin med kraftig generøs lukt av fersken og triple sec med ein underliggjande tone av mineral. Fyldig søt vin, med hint av marsipan. Viskøs, gjev skikkelege gardiner i glaset. 12% alkohol og 160 g/l restsukker. Eg trudde kanskje at den skulle vere meir som ein halvsøt “moelleux”, men dette var ein kraftpakke. Gode greier.

Zantho Eiswein

Zantho er ein eigedom i Andau, Seewinkel. Byen ligg aust for Neusiedler See på grensa til Ungarn. Josef Umathum er ansvarleg for vinmarkene på til saman 70 hektar, medan Wolfgang Peck er sjef for kjellararbeidet. Jordsmonnet rundt Andau er sand og jernrik grus, og grøn og grå leire i sør.
Vinmarkene er planta med typiske austerrikske druesortar som zweigelt, st. laurent, blaufränkisch og grüner veltliner.

Zantho Eiswein 2005, Wolfgang Peck & Josef Umathum, Burgenland, Austerrike

Gyllengul.
Aprikosprega vin. Hint av vassmelon, sitron, karamell og urter. Søt vin med litt lite syre til eiswein å vere. Glatt fin tekstur. Litt enkel. Meir spanande på lukt enn på smak. Laga på 80% grüner veltliner og 20% welschriesling.

9% alkohol, 168g/l restsukker, 37,5 cl 159,-

Syrah/Shiraz

Den vesle og truleg svært temporære vinklubben hadde stabla på beina nokre flasker syrah-vinar for avsmaking. Tre Rhone og ein australiar. Fredrik hadde teke med ei flaske frå eit opphald down-under for nokre år sidan, og var spent på korleis vi ville like denne vinen. Eg hadde no litt fordommar mot australsk shiraz, då det meste eg har smakt har vore syltetøyprega alkobomber. Men denne viste seg å vere fleire hakk betre.

Flight 1

Bress Heathcote Shiraz 2003, Fryers Wines
Djup raud, med brunlig alderspreg.
Søtlig jordbær- og kirsebærlukt. Vanilje og litt burgundersk søt jord. Mjuke tanniner og grei syre. Meir spanande på lukt enn på smak. Heng ikkje heilt saman, men god ettersmak. Overraskande.
Ca. 180 kroner

Saint-Joseph 2005, Domaine Courbis
Mørk raud med blåskjær.
Krekling og blåbær.
Litt lukka og forknytt, ganske tannisk. Med litt luft kom det meir frukt og saft fram. Matvin no, men kan nok ha godt av fem år til i mørkret.
Kr 199

Flight 2

Crozes-Hermitage 2005 Cuvée Louis Belle, Domaine Albert Belle
Bjørnebær, vanilje, bacon og svarte oliven. Søtlig duft.
God fylde og trøkk. Meir kompleks enn dei to føre. Snev av bringebærdrops på smak. God vin.
Kr 199

Crozes-Hermitage 2006, Domaine du Colombier
Mørk raudlilla.
Noko metallisk eller urinaktig ved opning, men det gav seg etter kvart. Søtlig men, kjølig frukt med bjørnebær. Fin kompleks miks av kjøtt og frukt. Litt røykpreg?
Kr 174

Fine eksempel på syrah i ulik stil og bruksområde. Bress 2003 overraska positivt. 2005 i Rhone treng enno litt tid. Vi hadde ikkje med Crozes frå Graillot, som er vel av dei beste frå den appellasjonen, så den får vi ta att ein annan gong. Kanskje kan vi ta med nokre Côte Rôtie og Hermitage også..

Necrophilia

Ettersom eg no skal slutte i jobben her nord og dra sørover, fekk eg nokre flasker Jürgen hadde kjøpt i Tyskland. Det skulle vise seg å vere litt i eldste laget..

Ockenheimer St. Jacobsberg Silvaner und Riesling Auslese 1966, Weingut Merz

Død.

Ockenheimer St. Jacobsberg Silvaner und Riesling Auslese 1970, Weingut Merz

Død.

Merler Klosterberg Riesling Auslese 1971, Ferdinand Pieroth

Mørk strågul.
Volatile syrer og begynnande madeirisering på lukt.
Halvtørr vin med eit lite eplepreg. Volatil også på smak. Litt tynn, manglar konsentrasjon. Tam.

Bretzenheimer Vogelsang Riesling Trockenbeerenauslese 1971, Karl Schmidt

Colafarga vin!
Totalt madeirisert. Volatil. Halvsøt med litt syre. Ein fot og to armar i grava.




Dette er ei norsk vinside for alle som er interessert i vin. Her kan du lese artiklar og poste smaksnotat og synspunkt på vin i forumet. Velkommen!

Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no