Arkiv for februar, 2006
Vinmonopolet har no teke ned sine nettsider, for å kome tilbake i ny drakt 1. mars. Det vert spanande å sjå korleis dei nye sidene vert og om det vert enklare å søke på ulike produkt og om det vert ulike søkemåtar.
Etter mange år og mykje om og men har Vinmonopolet endeleg fått bygd ein [...]
2005 ser ut til å bli eit toppår for Bordeaux, på line med legendariske 1982 og 2000. Dette har fått inkjøparar til å be om meir vin enn vanlig og dei er også villige til å betale meir. Somme meiner at ei prisauke på opp til 300% kan gjelde for nokre slott, medan 1. cru-slotta [...]
Vin er Italia sin største eksportartikkel innanfor næringsmiddel til USA. I 2005 vart det eksportert 222 millionar liter vin og vermut til ein verdi av 1,08 milliardar dollar. Italia tok også den største delen av utanlandsmarknaden i USA med 31 %. Australia hadde 28 % og Frankrike 14%.
Noko til kjellaren – Moulin Touchais 1993
Publisert av Håvard Flatland, 19. februar, 2006 i VintipsClosed
Når den nye prislista kjem i mars, er Moulin Touchais 1993 med varenummer 3043901 i det såkalla testutvalet. Her er det altså mogleg å skaffe seg nokre flasker av denne underlege vinen. 1993 var riktignok ikkje ein toppårgang på line med 89, 90, 95, 96 eller 97, men sidan Jean-Marie Touhais har vald å lage [...]
Når eg skal gå for å ta bussen til arbeid har eg nokre minutt på meg, slik at eg ikkje skal kome for seint om bussen er heilt presis. Men det er han jo svært sjeldan. Bussen er oftast litt etter ruta. Så står eg der utolmodig og ventar. Eg frys kanskje litt, for det [...]
Domaine des Baumard går over til skrukork
Publisert av Håvard Flatland, 14. februar, 2006 i NyhendeClosed
Loireprodusenten Domaine des Baumard går over til skrukork av typen Stelvin til lukking av sine vinflasker. Etter å ha lansert to vinar med skrukork på ei vinmesse sa Florent Baumard at neste år vil alle vinane frå eigedomen vere lukka med skrukork. Reaksjonane frå andre Loireprodusentar var blanda.
I bestillingslista er Baumard representert med ein tørr [...]
Søk
Arkiv for Vinpressafebruar, 2006.
