Domaine des Baumard går over til skrukork
Publisert av Håvard Flatland, 14. februar, 2006 i NyhendeClosed
Loireprodusenten Domaine des Baumard går over til skrukork av typen Stelvin til lukking av sine vinflasker. Etter å ha lansert to vinar med skrukork på ei vinmesse sa Florent Baumard at neste år vil alle vinane frå eigedomen vere lukka med skrukork. Reaksjonane frå andre Loireprodusentar var blanda.
I bestillingslista er Baumard representert med ein tørr Savennières (Clos Saint Yves 2001) og den søte Quart de Chaume 2001, begge er laga på chenin blanc-druer. Terroir AS, som er norsk importør har fleire vinar frå Baumard for spesialbestilling.
Andre produsentar som nyttar skrukork er Château Couhins-Lurton i Bordeaux, Laroche i Chablis, Weingut Hirsch i Kamptal og Villa Maria på New Zealand.