Tolmod på flaske

Når eg skal gå for å ta bussen til arbeid har eg nokre minutt på meg, slik at eg ikkje skal kome for seint om bussen er heilt presis. Men det er han jo svært sjeldan. Bussen er oftast litt etter ruta. Så står eg der utolmodig og ventar. Eg frys kanskje litt, for det er vinter. Elles på året kan eg sykle. Sjølv om det berre er snakk om fem-seks minutt, kjennest det som ei ø¦ve. Vi er ikkje så vane med venting og godt tolmod lenger. Det meste går fortare. Fjernsynsprogramma er nærast over før dei har begynt. Dersom vi ikkje får umiddelbart svar på ein mail, sender vi gjerne ein sms og masar. Det er instant feedback over heile linja.

Denne realiteten er også komen til vinverda. Dei fleste vinar vert no laga for å kunne nytast med ein gong dei er lanserte på marknaden, og dei har ikkje så lange fat- og flaskeopphald hjå produsenten heller. Store lagerkostnader og oppbunden kapital rimer ikkje med business. Men det finnst unntak. Familien Touchais i Tigné i Loire har ein samlemani som slår dei fleste rekordar.

moulin-touchais3.jpgmoulin-touchais2.jpg

I mange appelasjonar i Loire er det chenin blanc som er drua, og vinen kan vere både knusktørr, halvtørr, søt eller musserande. Nokre appelasjonar (Coteaux du Layon, Quart de Chaume, Bonnezeaux) er spesialiserte for søte vinar av meir eller mindre botrytiserte druer.
Tradisjonelt har ikkje vinane vore like søte og ”tunge” som Sauternes, og den svært syrerike drua chenin blanc har hjelpt til med det.

Touchais starta med vindyrking i 1797 og laga ymse vin, både raud og kvit. Men den søte Moulin Touchais vart ikkje seld, den fekk liggje i fred i den stadig større kjellaren, vinen vart nemleg betre med åra. Slik er det også i dag. Touchais eig 145 hektar vinmark som går til enklare kvit- og raudvin og driv i tilleg som negociant. Kun fem til ti prosent av vinmarkene er til ”hobbyvinen” Moulin Touchais. Han får ingen fatlagring men vert ikkje lansert før etter 14 år! 50 år er ingen alder for denne vinen. Det var faktisk ikkje før i 1979 at denne vinen kom på marknaden. Då kom det ein nederlender på besøk som meinte at dei burde la verda få smake litt på dei gamle godsakene. Då hadde Touchais ein kjellar med om lag tre millionar flasker av vinen Moulin Touchais tilbake til seint 1700-tal!

Ein femtedel av druene vert hausta før dei skikkeleg mogne, dette for å gje vinen nok syre til eit laaaangt liv på flaske. Resten av druene må vere overmogne, men ikkje angripne av botrytis. Slik vert det ein middelssøt vin eller ”Moelleux” som det heiter i Loiredalen. Men den slags forbrukarvenleg info står ikkje på etiketten til Moulin Touchais. Dei hadde jo ikkje tenkt å selje vinen..


Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no