Noko til kjellaren – Moulin Touchais 1993

Når den nye prislista kjem i mars, er Moulin Touchais 1993 med varenummer 3043901 i det såkalla testutvalet. Her er det altså mogleg å skaffe seg nokre flasker av denne underlege vinen. 1993 var riktignok ikkje ein toppårgang på line med 89, 90, 95, 96 eller 97, men sidan Jean-Marie Touhais har vald å lage vin dette året kan det ikkje vere så gale. 95g/l restsukker, 5,5 g/l syre og 13,5% alkohol er dei tørre tala. Dersom du ikkje har tolmod til å vente at denne vinen skal kome på topp, kan du ta turen til Sverige og kanskje få tak i eldre årgangar. Mellom andre dei gode 76, 71 og 59.


Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no