Nye takter på polet

Vinmonopolet har no teke ned sine nettsider, for å kome tilbake i ny drakt 1. mars. Det vert spanande å sjå korleis dei nye sidene vert og om det vert enklare å søke på ulike produkt og om det vert ulike søkemåtar.

Etter mange år og mykje om og men har Vinmonopolet endeleg fått bygd ein spesialbutikk for vin på Briskeby i Oslo. Denne har vinkjellar med betre lagringtemperatur og eit godt utval av vin i høgare pris- og kvalitetsklassar. Der finnst også nokre vinar som ikkje er å få gjennom den blå bestillingslista. Det hadde vore fint om desse vinane også hadde vore tilgjengeleg via nettbestilling eller på anna måte for kundar i heile landet. Dette har jo vore det fine polet; gjennom å bestille vin frå anten bestillingslista eller frå fullsortement, har det vore mogleg for alle i heile Noreg å få tilgang til det same sortementet.

Det burde vel liggje til rette for å byggje om butikkar i Trondheim og Bergen slik at det også der kunne kome ein butikk av same type som den på Briskeby.


Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no