Arkiv for mars, 2006



Vin til sjokolade

Etter utallige oppmodingar, mellom anna frå småbarnsmødre frå Sørlandet, skal eg skrive litt om vin og sjokolade.
Vin og sjokolade er vanskeleg å kombinere. Dette er noko som går att i vinlitteraturen. Men i ymse nettfora og i til dømes det svenske sjokoladebladet, Journal Chocolate, vert det sagt at det meste innan vin passar til [...]

Den globale oppvarminga gjer seg gjeldande også i vinverda. Aukande sommartemperaturar gjer at vinstilar er i endring. Alkoholprosenten går opp og det går ut over balansen i vinen. Sjølv om det er årgangsvariasjonar og det har vore varme år før, så ser klimaforskarar og vinbønder med bekymring på framtida. Raud Burgundvin har vore kjend som [...]

Gjenopning i Valkendorfsgaten

Vinmonopolet i Valkendorfsgaten i Bergen har vore stengt ein periode, men vart igår gjenopna i sjølvbetjent utgåve. I tillegg til sjølvbetjening er dette polet også utstyrt med eit eige kjølerom (”vinkjellar”) med omlag 350 forskjellige vinar – hovudsakleg frå bestillingsutvalet. Vinkjellaren kunne bl.a. by på fleire sortar Chambolle-Musigny og mykje for den sterkvinsinteresserte.
På handlelista mi [...]

Oppgang på børsen

Auksjonshusa i London som handlar med vin melder om oppgang i 2005. Christie’s hadde ein auke på 19%, og eit sal på 42 millionar dollar. Sotheby’s gjekk opp 40% til eit sal på 29,1 millionar dollar. Vinindeksen Liv-Ex 100 gjekk opp 19% i 2005. 2004 var eit rolig år utan stor endring.

Vinbønder amok i Sør-Frankrike

Over 100 vinbønder gjekk i går til åtak på eit vinlager i den franske hamnebyen Sète sør for Montpellier. Ein tankbil med italiensk vin vart tømd for fleire tusen liter vin. Motorvegen mellom Montpellier og Béziers vart blokert og politikøyretøy vart angripne med slegger. Ein politibil vart sett fyr på.
Grunnen til opptøyene er at vinbøndene [...]

Auksjonsrekord for Romanée-Conti 1985

På ein auksjon på NY Wines/Christie’s 2. mars gjekk ei kasse med 6 magnumflasker med Romanée-Conti 1985 for 170 375 dollar, eller over 1,13 millionar kroner. Det er den høgste prisen for ei kasse vin på auksjon. Dette tilsvarer 94 272 kroner for ei vanleg 75 cl flaske. Dette er ikkje den dyraste vinen som [...]

“Bottle-in-bag”

Ei ny lov i staten Massachusetts i USA gjev gjestar på restaurant lov til å ta med heim opna vinflasker dersom dei ikkje har drukke opp alt. Flaska må korkast att og leggjast i ein gjennomsiktig forsegla pose, for at ikkje folk skal falle for freistinga til offentleg drikking på veg heim. Restauranten må også [...]

Nye takter II

Ja, så har polet “sleppt” dei nye internettsidene sine. Og det ser ikkje så verst ut. Litt meir fargerik og spanande enn slik dei var før.
Varesøket har vorte endra litt. Ein kan framleis innanfor ulike varetypar som raud, kvit, sterkvin og brennevin etc. søke på land og distrikt. Men det er kome inn ein [...]




Arkiv for Vinpressamars, 2006.

Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results

Kategoriar




Vinpressa.no