Ja, så har polet “sleppt” dei nye internettsidene sine. Og det ser ikkje så verst ut. Litt meir fargerik og spanande enn slik dei var før.
Varesøket har vorte endra litt. Ein kan framleis innanfor ulike varetypar som raud, kvit, sterkvin og brennevin etc. søke på land og distrikt. Men det er kome inn ein metode for søke på kva vinen passar til av mat. Ein kan framleis finne ut kva butikkar som har dei ulike varene, men det går ikkje lenger an å søke i kvar einskild butikk. Dei har også lista kor mange vinar som finnst under kvar kategori. Då ser vi at Frankrike er størst med 1578 raudvinar og 1150 kvitvinar. Italia kjem på andreplass på raudvin med 1446, medan Tyskland er nummer to på kvitvin med 450. Desse tala er ikkje heilt presise då dei inkluderer fleire flaskestorleikar og nokre utgåtte produkt som finnst i einskilde butikkar. Interessant er det å sjå at Bourgogne er det største distriktet med 518 vinar. Sjølv om det er ein del Beaujolais-vin inne i det talet så viser det at det finnst mykje godt for spesielt interesserte. Frå Bordeaux er det 393 ulike vinar, og frå Piemonte i Italia kan du velje mellom 411 ulike godsaker.
Sidan søte vinar er fokusområde denne gongen, kan eg nemne at i kategorien for kvitvin som polet meiner passar til dessert, finnst det heile 276 ulike vinar å velje mellom.