Auksjonsrekord for Romanée-Conti 1985

På ein auksjon på NY Wines/Christie’s 2. mars gjekk ei kasse med 6 magnumflasker med Romanée-Conti 1985 for 170 375 dollar, eller over 1,13 millionar kroner. Det er den høgste prisen for ei kasse vin på auksjon. Dette tilsvarer 94 272 kroner for ei vanleg 75 cl flaske. Dette er ikkje den dyraste vinen som er seld på auksjon, det var ei flaske Château Lafite 1787 som vart seld i 1985 på Christie’s i London for £150 000 eller om lag 1,2 millionar kroner.

Den nest dyraste vinen nokon gong vart seld privat for nokre veker sidan til ein amerikansk samlar, og var ei flaske Château d’Yquem 1787. Den gjekk for 90 000 dollar eller om lag 597 000 kroner.


Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no