Gjenopning i Valkendorfsgaten

Vinmonopolet i Valkendorfsgaten i Bergen har vore stengt ein periode, men vart igår gjenopna i sjølvbetjent utgåve. I tillegg til sjølvbetjening er dette polet også utstyrt med eit eige kjølerom (”vinkjellar”) med omlag 350 forskjellige vinar – hovudsakleg frå bestillingsutvalet. Vinkjellaren kunne bl.a. by på fleire sortar Chambolle-Musigny og mykje for den sterkvinsinteresserte.

På handlelista mi stod det ei flaske Chambolle-Musigny Les Amoureuse 2001, ein Solear Manzanilla og ein Georg Breuer Rauenthal Estate 2004. Breuer var enkel å lokalisere i avdelinga for tysk kvitvin. Solearen var derimot ikkje å finne i sherry-avdelinga, sjølv om den eine av dei mange og svært imøtekomande ekspeditørane kunne stadfeste at det var ei flaske att av den. Ei lita stund etter at eg hadde slått meg til ro med ein Argüeso Amontillado dukka den plutseleg opp frå ein stad på lageret. For Les Amoreusen gjekk det ikkje fullt så bra. Nettbutikken indikerte at det skulle vere att ei flaske av den, men det viste seg at det hadde vore ein feil på denne eine flaska og den var visstnok blitt ø¸ydelagt. Så då vart det med Solear og Breuer, men eg kjem definitivt attende for å ta denne vinkjellaren i nærare augesyn.


Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no