Den globale oppvarminga gjer seg gjeldande også i vinverda. Aukande sommartemperaturar gjer at vinstilar er i endring. Alkoholprosenten går opp og det går ut over balansen i vinen. Sjølv om det er årgangsvariasjonar og det har vore varme år før, så ser klimaforskarar og vinbønder med bekymring på framtida. Raud Burgundvin har vore kjend som ein relativt lys vin med eleganse heller enn kraft og tannin. Dette kan endre seg radikalt over dei neste 50 år, spår ekspertar, som nyleg var samla til den fyrste konferansen for global oppvarming og vin i Barcelona. Dei spår til dømes at temperaturen i Bordeaux vil stige med 1.2 grader, i Barolo med 1.4 og Rioja med 1.3.

Det nyttar ikkje å vere flink i kjellaren når klimaet ikkje lenger spelar på lag. I framtida vil kanskje “raudvinsbeltet” ha flytta seg nordover til Nord-Frankrike, Tyskland og England, medan Rieslingdruene bugnar langs Sognefjorden og Hardanger er det nye Champagne.
Heisann fetter!
Dette var interessant, veldig bra med ei sånn nettside!!
Håper vi kan gå inn her når vi vil ha et vintips til forskjellig mat, stemmer det? Har akkurat fått snust bittelitt her.
Har hørt at Mas Amiel er knallgod til sjokolade, men jeg har ikke fått prøvd det ennå. Er det noe du også vil anbefale, eller har du en annen godbit på lager? Men husk nå på at det er ei slunken lommebok du skal gi tips til!