Vin til sjokolade

Etter utallige oppmodingar, mellom anna frå småbarnsmødre frå Sørlandet, skal eg skrive litt om vin og sjokolade.

Vin og sjokolade er vanskeleg å kombinere. Dette er noko som går att i vinlitteraturen. Men i ymse nettfora og i til dømes det svenske sjokoladebladet, Journal Chocolate, vert det sagt at det meste innan vin passar til sjokolade. Søt kvitvin, halvtørr tysk kvitvin og vanleg tørr raudvin har vore framlagt som drikke til sjokolade. No hevdar også vinmonopolet på nettsidene sine at tørr raudvin kan brukast til sjokolade. Eg meiner det vert heilt feil. No er det eingong slik at vin er ein del dyrare enn sjokolade og det ville vere synd å trekke opp ein vellagra Hermitage til ein bit Green and Black’s.

Litt om sjokolade.
Rimeleg mørk sjokolade med høg kakaoprosent (70-85) vil smake ganske bittert og tørt på grunn av den er laga på forasterobønner, som er den kakaosorten som er billegast og står for om lag 90% av verdsproduksjonen. Slik sjokolade har også ofte ein metallisk ettersmak. Rimeleg mørk sjokolade med 45-65% kakaoinnhald er det eg vil kalle bittersøt. Den har ganske mykje sukker og har samtidig litt bitter smak frå forasterobønner. Kvalitetssjokolade som er gjort på criollo- eller trinitariobønner har ofte ikkje noko bittert i det heile, men kan vere syrlege og ha aroma av nøtter, frukt, bær, røyk etc. No er det faktisk mogleg å få kjøpt sjokolade frå alle dei “fire store” (Valrhona, Michel Cluizel, Amedei og Domori) i Noreg, men ikkje akkurat i butikkar som begynner på R..

Sjokolade er så mangt, men om vi skal prøve å finne vin til mørk kvalitetssjokolade med mellom 60 og 85% kakaoinnhald, må vi over på noko søtt. Sjokoladen har mykje feitt, litt syre, bitterstoff og er i tillegg søt, så ein tørr raudvin vil smake utvatna og lite. Vi treng noko med alkohol og sødme. Ruby eller Late Bottled Vintage portvin kan fungere bra. Gode LBV-ar eg har prøvd er #11093 Smith Woodhouse LBV 1994, #20 Grahams LBV 1999, #20036 Rozes LBV 2000. Dei to siste finst i praktisk halvflaske. I Frankrike vert det laga nokre sterkvinar i same stil som portvin, men med litt lågare alkoholprosent. Frå Maury kjem #30911 Mas Amiel 2003, i halvflaske til 122 kroner. God vin. Frå same stad kjem #46819 Domaine Pouderoux 2002. #32616 Banyuls Cuvée du Dr. André Parcé er frå Banyuls på grensa til Spania og eg har gode røynsler med denne til sjokolade.

Madeira503.jpg

Frå den subtropiske ø¸ya Madeira kjem ein vin med same namn, og Madeira av den søte typen Boal eller Malmsey kan fungere med sjokolade. #13382 Henriques & Henriques Malmsey 10 years old er god. Det fine med Madeira er at dei held seg i månadsvis på flaske etter opning.

Dersom vi skal ha vin til sjokoladebaserte dessertar, kan vi prøve ein Recioto della Valpolicella, som er ein søt raudvin frå Veneto i Italia laga på tørka druer. Den har lågare alkoholprosent enn sterkvinar og høver betre når sjokolade er runda av i til dømes sjokolademousse, fondant, kaker og sjokoladekremar. Til sjokoladedessertar er det ofte ein syrleg bærsaus eller friske bær og sorbet, og dette kan gjere at det kanskje kan passe med Madeira eller ein søt Sherry til.


Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no