The sweet spot :1

Crême brulée caraïbe

Denne desserten har eg laga eit par gonger og den er god. Men det er fyrst å fremst på grunn av ei god råvare som gjev den det vesle ekstra. Uraffinert Muscovadosukker frå den vesle ø¸ya Mauritius er knallgodt til ymse dessertar, kaker, is og til dømes chutney. Kanskje burde eg heller kalle desserten crême brulée Mauritius, sidan dette sukkeret kjem derifrå. Men dei lagar sikkert uraffinert sukker i dei karibiske landa også, sjølv om eg ikkje har sett noko på marknaden her til lands. Med rom og lime vert den litt mojitoaktig og karibisk. Oppskrifta er modifisert frå ei vanlig crême brulée-oppskrift som er har stole hjå nokre andre. Slik er vi kokkar, vi stel, låner, endrar og juksar. Når det gjeld dette med endring og juks, så kjem eg i ein gastronomisk-etisk limbo mellom kokken og konditoren i meg. Konditoren seier: hald deg til oppskrifta, det må vere balanse mellom råvarene og dette er nøye kalkulert. Men kokken høyrer ikkje på slikt og blandar i litt meir eggplomme eller alkohol eller noko heilt anna. Kanskje chili? Prøv chili! Sa eg det høgt?

Crême brulé caraïbe til 4-6 porsjonsformer (alle former har sin sjarme..)

3 eggeplommer

50 g dark Muscovadosukker

3 dl fløyte

1 lime (rive skal)

1 dæsj rom

Pisk saman eggeplommer, sukker, limeskal og rom til ei brun blanding utan klumar. Kok opp fløyten. Hell fløyten i resten medan du piskar. Tøm smeten i eldfaste former og steik slik du plar gjere med vanlig crême brulée. Vassbad, høg eller låg temperatur, lenge eller kort. Dette får du finne ut sjølv. Den skal vere stiv men ikkje kokt. Avkjøl. Ha eit tynt lag sukker på og ha det gøy med skibrennaren. Skal det vere litt fint, kan du pynte med limezest.

Vintips seier du? Tja, eg drakk ein gong ein madeirisert Tokaji Aszu til denne og det var ikkje så hakkande gale. Dette er ein mild dessert med mjuk søt smak og litt karamell og lakrissmak frå muscovadosukkeret. Ein boal eller god malmsey Madeira kan sikkert også bli bra. Eller kva med å nippe til eit lite glas brun rom frå til dømes Martinique?


Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no