Nye takter III

Det er ikkje til å kome forbi at det har vore ein del rot med dei nye nettsidene til Vinmonopolet. Trass i frekkare formgjeving så har det vore problemer med ein del funksjonar, bestilling, og ein del søkemoglegheiter er fjerna. No har dei gjort endringar i den blå bestillingslista. Den lista inneheld fleire tusen varer men det er mindre informasjon om kvart produkt enn det er den raude prislista. Det er altså ein føremon å kunne litt om vin og vinland/distrikt eller brennevin eller sterkøl om det er det du er interessert i, dersom du har tenkt å tinge noko. I lista for mai og juni har dei omgrupert dei søte vinane i ein kategori kalla dessertvin, og plassert denne lenger bak.

For å ta eit døme: dei har teke ut dei søte vinane som før låg under kvitvin/Frankrike/Bordeaux og lagt dei under dessertvin lenger bak i lista. Men der er dei ikkje gruppert i land og distrikt men i stigande prisrekkjefølgje. Dette gjer det litt rotete for dei som er van med å leite i land/distrikt. Det har også vore mykje slurv for det er tre søte vinar frå Bordeaux som ikkje er med i dessertvin-kategorien, men som framleis står under kvitvin/Bordeaux. Og ingen av vendange tardive og selection de grain nobles-vinane frå Alsace er komne bak i dessertvinkategorien. I Austerrike vert det produsert ein del søte kvitvinar og dei fleste er komen i dessertvin, men dei har gløymt fem igjen i kvitvin/Austerrike.

Dei søte sterkvinane og musserande er også komne inn i denne kategorien. Det kan vere lurt, for det er ikkje alltid lett å vite kva typar Madeira og Sherry som er tørre og kva som er søte. Dei har også plukka ut alle Recioto della Valpolicella, dei søte raudvinane frå Veneto, og lagt dei i raude dessertvinar.

Med litt korrekturlesing og skjerping har polet lagt til rette for at fleire kanskje tør prøve seg på ei tinging av vin frå den blå lista.


Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no