Månefaser og egg – i spora til Rudolph Steiner
Publisert av Håvard Flatland, 12. mai, 2006 i Vintips1 kommentar
Biodynamisk vin, overtru og fjas eller framtida for verdas vinmarker? Økologisk vin er vin av druer dyrka utan sprøytemiddel og kunstgjødsel. Dei som lagar biodynamisk vin tek det litt lenger.
Planting, hausting og pløying vert gjort etter månefasar og konstellasjonar på himmelen, slik Rudolph Steiner si lære om ø¸kosofi fortel. Det er bra å lagre vin på fat fordi forma er nesten som eit egg, seier Nicholas Joly. Hjå Mas Amiel vert vinmarker som tidlegare har vore behandla kjemisk, planta med havre i eit par sesongar for å reinse jorda.
Om det vert betre vin? Vel, dei fleste av desse produsentane var allereie leiande i sine distrikt før dei byrja å drive biodynamisk. Dei har produsert og gjer framleis topp vin. At dei tek vare på heile ø¸kosystemet er jo flott. Truleg er det sunnare for jorda å drive på denne måten. Difor viser dei meir respekt på terrioret og appelasjonen. Det er jo den geografiske plasseringa og jorda på staden som er klassifisert i appelasjonssystemet, ikkje produsenten. Folk vil kome og gå og vinfirma gå konkurs, men Richebourg Grand Cru vil vere Richebourg Grand Cru.
Lista over produsentar som i større eller mindre grad har konvertert til biodynamisk dyrking er etter kvart blitt lang: Joly, Huet Domaine l`Ecu og Claude Papin i Loire, Zind-Humbrecht, Marcel Deiss, Kreydenweiss, Weinbach og Josmeier i Alsace, Domaine Leflaive, Leroy, Domaine Lafon og Trapet i Bourgogne. Lenger sør i Frankrike finn vi Chapoutier i Rhone, Mas Amiel i Roussilon og i Provence har dei planar om ein heil appelasjon for biodynamisk vin. Over there i California er det også læresveinar av Steiner. Ceago Vinegarden, Frey Vineyards og Benziger Family Winery. I tillegg har Fetzer nokre biodynamisk drivne vinmarker.
Dette var faktisk interessant lesnad, sjølv for ein analfabet innan vinverda!