Uknuselege glas

På Vinexpo i Hong Kong vart det lansert nokre nye uknuselege vinglas. Materialet vert kalla kwarx og er fyrst brukt i Mikasa sin nye serie “Open up”, som inneheld seks ulike vinglas som skal passe ulik vinstilar. Glasa har ei form som skal gjere det lettare å få i seg den rette mengda vin og dei skal opne opp unge vinar og raskare få fram aromastoffa, ettersom det ikkje lenger er så vanleg å lagre vin. Det er ARC-International som har utvikla kwarx som er handblåst krystall av eit nytt førebels hemmelig materiale. Det skal halde seg skinande og gjennomsiktig og vere nesten uknuseleg.


Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no