Vinpressa.no sin redaksjon hadde invitert vener og kjende til mat- og vintur til Park Hotell Vossevangen sin restaurant Elysée. Underteikna hadde diskutert litt meny og vin med direktør Jan Bruse Andersen, medan for dei andre var det overraskingar på rekkje og rad. Fyrst bar det ned i kjellaren. Hotellet har tre vinkjellarar, kunne Andersen fortelje. Ein “liten” under restauranten, ein som dei viser fram og som inneheld om lag 20 000 flasker og ein med resten av vinen. (20-30 000 flasker). Jan Bruse Andersen og kona tok over hotellet i 1979 og dei ø¸nskte å laga ein restaurant med eit godt vinkart. Dei byrja å kjøpe inn vin i 82 og i 87 vart Elysée opna. Då hadde restauranten 200 ulike vinar i kartet. Sidan har det badla på seg, som det heiter på Voss, og vinkartet har i dag 130 sider! Men det er ikkje alltid like lett å finne det ein leitar etter..
Eg hadde vald ut Chablis Vaillon Vieilles Vignes 1995 frå Jean Dauvissat, fetter til meir kjende Vincent Dauvissat, til forretten og Chateau Bastor-Lamontagne 1990 til dessert. Desse var sett til kjøling. Til hovudretten av kalv hadde eg kome med nokre framlegg til raude Burgundervinar og vi enda opp på Morey-Saint-Denis Clos de la Bussière 1999 frå Roumier og Nuits-Saint-George Clos des Argillières 1989 frå Daniel Rion. Men fyrst hadde direktøren balansert over nokre kassar med mellom anna DRC og Musigny frå Mugnier på jakt etter ein vin frå Jean Grivot.
Etter ein apperitif sette vi oss til eit elegant oppdekka bord klargjord med glas frå Riedel. Fyrste var det ein amuse guelle, røykjelaks på ein liten salat med balsamico til. Forrett var ein sjøkrepscapuccino med litt grønsaker i julienne. Vinen passa godt til. Den hadde eit streif av sødme før syre og fataromaer gjorde seg gjeldande. God vin og kveldens favoritt hjå dei andre.
Så var det Côte d’Or. Roumier sin vin frå 1999 kunne ikkje heilt hamle opp med den ti år eldre Nuits-Saint-George til Rion. Ein god burgund i sin beste alder! Kalvefileten var god og mør og sjysausen bra. Garnityret ellers var diverre ikkje i same klasse, så her det rom for betring.
Ostetallerken stod for tur og der var det ein Brie, ein Gorgonzola og ein svært mogen Camembert. Til den salte blå fekk gutane sansen for kombinasjonen med den søte Sauternes-en. Eg tenkte at ei heilflaske slik vin kunne bli i meste laget, men den gjekk ned i god stemning. Fin balanse mellom sødme og syre og i tillegg god fylde og fedme frå ein god årgang.
Ein tur innom Elysée er verd ein omveg. Eller ein tur i seg sjølv. Vi kjem nok att!
Ingen kommentarar til “Premier Cru på Voss”
Please Wait
Kommenter