Det går mot ei forenkling av eit av Tyskland sine kjende vindistrikt. Mosel-Saar-Ruwer kan bli til berre Mosel. Det er ein organisasjon av vinbøndene i Mosel-Saar-Ruwer som har kjempa fram dette. Dei meiner at det er for vanskeleg for utanlandske vinkjøparar å halde styr på og uttale lange tyske namn og at Mosel-Saar-Ruwer kan tolkast som at det er ein blandingsvin frå tre distrikt. Alle er sjølvsagt ikkje samde, og Chris Tyrell frå Karthaüserhof meiner at ein eigen etikett eller flaskefarge hadde vore ei betre løysing.


Ingen kommentarar til “Namneendring for tysk appelasjon”  

  1. Ingen kommentarar

Kommenter



Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no