Matbloggen Chocolate and Zucchini kan tilrådast på det sterkaste. Det er ein fransk dame på 27 år frå Paris som etter kvart har gjort det til heiltidsgesjeft å skrive matartiklar til aviser, vekeblad og til bloggen. Ho held også på med si fyrste kokebok. Ettersom ho har vore to år i San Fransisco har ho vald å skrive på engelsk.
I hennar siste innlegg skriv ho frå eit besøk på den verdskjende restauranten El Bulli utanfor Barcelona. Denne restauranten er vel det ein kan kalle avantgarde og vel så det, og det er mange rare rettar som kjem ut frå dette kjøkenet. Eg kan tenkje meg at Sommelieren har ei ganske krevande oppgåve med å setje vin til dei fantasifulle rettane. Kva ville du vald til “Tomato soupe with virtual ham” eller “the sea, a plate of twelve different seaweeds”?
Clotilde har også teke bilete av dei 35 (sic) rettane i “The tasting menu” ho fekk servert. Vel verd lesnad.
Ingen kommentarar til “Nett-tips”
Please Wait
Kommenter