Bryllaupsdag og tid for å bruke litt tid på kjøkenet for å diske opp litt for den betre halvdel. Det måtte bli noko inspirert av mi nyaste kokebok, Chocolat Fusion, av Frédéric Bau, sjefkonditor på sjokoladefabrikken (eller draumefabrikken?) Valrhona i Tain l`Hermitage. I denne 300-siders praktboka tek han steget inn i det salte kjøken, men sjokolade har han med. Kalde og varme forrettar, fiskerettar, kjøtrettar og ostar og dessertar der sjokolade spelar hovudrolla. Mykje spanande og noko litt rart. Eg prøvde meg på hommar på sautert spinat og hommarsaus med kvit sjokolade. Ikkje så vanskeleg og veldig godt. Serverte ein Saint-Aubin 1999 frå Louis Jadot til og det fungerte bra. God vin med nok fylde til ein slik rett.


Ingen kommentarar til “Skaldyr, Jadot og sjokolade”  

  1. Ingen kommentarar

Kommenter



Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no