Afrikansk Eszencia

Den ultimate vinen frå Tokaj er Tokaji Eszencia. Dette er saft som renn av superbotrytiserte druer utan pressing og utan ein basevin til å starte gjæringa. Gjæringa tek ofte fleire år og kjem sjeldan over 5% alkohol. Vinen må ha minimum 450g/l restsukker, og det er også nokre minimumsgrenser for tørrstoff-ekstrakt og alkoholnivå. No har franskmannen Jean-Vincent Ridon som driv Signal Hill i Cape Town, har laga ein Sør-Afrikansk Eszencia med 480g/l restsukker og 5,1% alkohol. John Platter gjev vinen fem stjerner, men i følgje Sør-Afrikansk vinlovgjeving er ikkje dette ein vin, det er for lite alkohol. Frå kjellaren til Ridon kjem det også andre litt underlege vinar som stråvin, 6 Puttonyos Aszu, ein Vin de Constance-aktig Muscatvin, Burgund-inspirert pinot noir og Icewine!


Ingen kommentarar til “Afrikansk Eszencia”  

  1. Ingen kommentarar

Kommenter



Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no