Gull til Amedei

I den årlege konkurransen til Academy of Chocolate i England var det Amedei som stakk av med topp tre i kategorien “Bean to bar”. Det vart delt ut fem gull i den kategorien og Amedei sin Chuao vart best, etterfølgd av Amedei Porcelana, Amedei Toscano Black 70%, Michel Cluizel Maralumi og Valrhona Araguani. Nykommar Malagasy Mora mora, som er ein sjokolade produsert på Madagaskar av lokale råvarer fekk ein sølvmedalje. Det same gjorde Amedei sin nye Amedei 9. Amedei og Michel Cluizel må vere godt nøgde med høvesvis tre gull og ein sølv, og ein gull ein sølv og ein bronse. Domori derimot, fekk “berre” ein sølvmedalje med sin Puertomar.


Ein kommentar til “Gull til Amedei”  

  1. 1 Hallvard

    Amedei Chuao er utan tvil den beste mørke sjokoladen eg har smakt, utruleg fyldig med ein fantastisk aroma av tørka frukt. Skulle nesten tru dei hadde blanda inn rosiner. I Oslo får vi kjøpt denne hos “Assaggio di Toscana” (som betyr “Smak av Toscana”) i Frognerveien 8, pris kr 60 for 50 gram då eg sjekka sist. Men ikke alle likar denne sjokoladen, nokre vil heller ha Freia mjølkesjokolade… Har sjølv prøvd å “lære” vennar til å like god sjokolade, men det er ikkje alltid vellukka.

Kommenter



Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no