På 1800-talet var det vanlig å piffe opp Bordeaux-vin med vin frå Hermitage i Rhonedalen for å få meir fylde og kraft. No har to markante vinmakarar frå dei to vinområda slått seg saman laga ein blandingsvin frå Bordeaux og Hermitage. Det er den flygande vinmakaren Michel Rolland og største vinmarkseigar i Hermitage, Michel Chapoutier som no lagar vinen M2. Han består av 50/50 med merlot frå Chateau Le Bon Pasteur og syrah frå Chapoutier sin parsell L’Ermite ø¸verst på Hermtage-åsen og årgangen er 2005. Det vert kun laga 240 magnumflasker og 26 dobbelmagnum, og dei kjem i sal på ein onlineauksjon den 15. november. Intektene går uavkorta til Chapoutier sitt initiativ for born med leukemi.
you can access to the M2 auction on http://www.idealwine.com
will be closed on November 29th 2006
regards
fdesoleyme