Vin for poetar og visa verselinje
Publisert av Håvard Flatland, 7. januar, 2007 i Vintips0 kommentarar
Det er vanskeleg å skildre vin med ord. Spesielt om det er ein vin som ein likar særs godt, kan det vere vanskeleg å få fram kva som er bra og kor bra den faktisk er, til ein lesar av omtalen. Nokre nyansar og aromaer som til dømes sitron eller solbær er lettare å setje ord på enn den komplekse aromaen av krydder og dyrepels i ein Vosne-Romanée.
Vinskribentar nyttar ulike begrep og språk. Nokre er konkrete og prøver å skildre mest mogleg av dei ulike aromaer og smakar som dei finn i vinen. Nokre går meir lyrisk til verks og brukar metaforar og samanlikning. Nokre slaktar eller er panegyriske i sin omtale, andre meir nøktern. Nokre brukar poengsystem i tilleg til omtale, andre kastar berre terningen.
Eg vil gjerne at skriveføre personar/poetar/lingvistar tek kontakt for eit evt. møte over/ved/etter ei flaske eller tre av godt merke. Kanskje kan vi kaste lys/terning/nye ord over dette temaet. Kan hende blir det gull, kanskje vert det vas. Den som har lever får sjå.
Ingen kommentarar til “Vin for poetar og visa verselinje”
Please Wait
Kommenter