Eikefat til lagring av vin har vore brukt i fleire hundre år. Forma har vore lik, men det har vore ulike storleikar. Dei vanligaste er franske barriques på 225 liter og italienske botte på opp til 700 liter. Fatet tilfører vinen smak og tretanniner, saman med ein liten oksidering. Eikefat vert brende og større eller mindre grad av “toasting” betyr meir eller mindre smak av vanilje, kokos, kaffi, smør og karamell.
No har eit sveitsisk selskap som heiter Cybox byrja å produsere firkanta eikefat. Føremonene er at dei tek mindre plass, enklare fylling og tømming, dei er lettare å reingjere og at det vert større kontakt med botnfallet. Det skal vistnok gå an å montere på ein mekanisk arm til bâtonnage (omrøring av botnfallet).
No som alternative eiketilsettingar, som eikechips og eikestavar er blitt lovlig i EU, så ser eg ikkje heilt den store marknaden til dessa nye fata. Om ein ikkje ø¸nskjer å bruke store summar på eikefat, men likevel ø¸nskjer eikekarakter i vinen, er det vel like greit å bruke større ståltankar og slengje oppi ein “tepose” med eikechips.
Ingen kommentarar til “It’s hip to be square”
Please Wait
Kommenter