Eg var ein svipptur til Bergen i romjula, og der fekk handla dei nye årgangssjokoladane til Valrhona. I skapet hadde eg visst ein del eldre sjokolade, mellom anna tre årgangar Ampamakia. Eg tenkte difor å prøve ein vertikalsmaking av Ampamakia 2003-2006. Ampamakia kom fyrste gong i 2002 og var den tredje årgangssjokoladen til Valrhona etter Gran Couva frå Trinidad og Chuao frå Venezuela. Sjokoladen har 64% kakaoinnhald. Kakaoen kjem frå plantasjen Millot ved Sambiranoelva nord på Madagaskar.

Ampamakia 2003: Ikkje så fruktig som eg hugsar den har vore før. Sjokoladen har fin og raudbrun farge, trass i at best-før-datoen er november 2004. God ettersmak mørk sjokladeaktig, men litt kort. Ikkje bitter i det heile tatt. Er nok over toppen.

Ampamakia 2004: Meir fruktig og syrlig enn 2003. Sitrus, syrlige bær og sødme. Null bitterstoff. Litt lenger ettersmak, fruktsyra er med heilt til slutt. Den beste av desse fire årgangane.

Ampamakia 2005: Mindre syredominert enn 2004. Den fyldige tørre sjokoladesmaken er mest framme og sitrussmakane kjem litt i etterkant. Ikkje så god som 2004 og ikkje så Madagaskar-typisk. Lang ettersmak.

Ampamakia 2006: Veldig preg av jord/mugg i byjinga. Nesten som sjokolade frå El Rey. Dette har eg aldri opplevd hjå Valrhona. Har noko gått gale i gjæringa av bønnene? Syrlige raude bær gjer seg gjeldande og den jordlige aromaen blir borte. Den treng kanskje litt lufting? Ikkje så fyldig og kraftig som 2005. Skuffande. Ettersmaken har ok lengde.


Ingen kommentarar til “Valrhona Ampamakia vertikal”  

  1. Ingen kommentarar

Kommenter



Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no