Tokaj er eit vindistrikt i det nordaustlege hjørnet av Ungarn med om lag 5500 hektar vinmark. Hovudproduktet er søt vin frå botrytiserte druer. Om lag 65% er planta med furmint, 30% harslevelu, medan yellow muscat lenge har vore den tredje mest planta drua. Ho har dei siste åra fått konkurranse frå zeta, som er ein kryssing av bouvier og furmint. Men denne drua gir ikkje like spanande vin, så kvalitetsorienterte produsentar prøver å redusere bruken av denne drua. Det vert i staden oppmoda om å plante kövérszölö, som er av dei eldste sortane i Tokaj, men som vart borte etter phylloxera-angrepet på slutten av 1800-talet. Dei fleste vinar er blandingsvinar av fleire druetypar og ulike vinmarker. Nokre produsentar har i enkelte år laga enkeltvinmarksvinar, og Aszu-vinar frå anten furmint, harslevelu eller yellow muscat finnst det ein del av. Dei fleste produsentane har også nokre tørra vinar frå furmint og harslevelu i portefølgjen, men det virkar ikkje som det vert lagt så mykje kjærleik i produksjonen av desse.

Eg kom til Tokaj med tog frå Budapest seint på kvelden, og vart henta på jernbanestasjonen av husvert Andras og dotter hans som snakka engelsk. Det er elles litt dårlig med engelsk-kunnskap hos folk i Tokaj, men nokre kan litt tysk.

Dagen etter vart det ein tur innom Rákóczi-kjellaren i sentrum av gamlebyen i Tokaj. Dette er showroom for produsenten Hétszölö. Her har dei ein kjellar med eit rom som er 28 meter langt, ti meter breitt og det er fem meter under taket, i tillegg til fleire andre kjellargangar som er normalt trange, altså slik at ein må gå litt krombøygd for ikkje å stange i taket. Denne kjellaren er ikkje lenger i bruk til lagring av vin, då dei har flytt produksjonen til utkanten av byen. Her vart det omvisning og smaking av Aszu-vinar. Det generelle intrykket er god kvalitet, men dei mangla litt av det mineralske som eg av og til fann i vinar frå vulkansk jordmonn. Hétszölö sine vinmarker ligg stort sett på løss. 6 Puttonyos 1997 hadde snev av honning, blomar og ein livlig syre som enno ikkje var heilt i balanse med resten. Vil nok bli bra om nokre år.

Ikkje langt frå torget låg Himesudvar, ein produsent eg ikkje hadde høyrd om før. Dette er ei lita familiebedrift med kun 2,5 hektar i produksjon. Dei kjøper også litt druer. Høgdepunkta her var mellom anna ein 2006 Late Harvest Muscat, som hadde eit floralt og intenst muscatpreg. Frisk vin med gode syrer. Også 2002 6 Puttonyos var svært bra. Relativt lys 6P Aszuvin. Mineralsk og fruktig lukt. God lengde og flotte syrer. 198g/l restsukker og 11,2 g/l syre.

Neste dag vart det tur til landsbyen Mád, som ligg 20 kilometer nordvest for Tokaj. Her ligg mange av dei beste vinmarkene og mange produsentar har sine produksjonslokaler i eller omkring byen.

Fyrst ut var eit besøk hos Vince Gergely som driv eigedomen Üri Borok. Han hadde ein svært omfangsrik kjellar med mange nivå. Han var dimensjonert for 100 hektar produksjon, men hos Uri Borok er det berre 10 hektar med druer, så han hadde god plass. Mesteparten av druene kjem frå den historisk anerkjende vinmarka Szent Tamás, i tillegg til litt frå Nyúlászó og Bojta. Mr. Gergely stillte med elleve vinar. Fyrst ein tørr furmint og ein tørr harslevelu. Ein furmint demi sec 2002 hadde svært god syrebalanse og kunne minne om ein god auslese. I 2002 kom det ein del regn, og Gergely fortalde at dei måtte skunde seg å få druene i hus. Det vart difor ikkje noko Aszu, men eg smakte ein Szent Tamás Cuvee 2002, som med 153 g/l restsukker kvalifiserer til 6 puttonyos. Dette var ein svært smooth vin med livlig syre og eit markant ferskenpreg. 6 puttonyos 2000 var som ein del andre frå denne årgangen, litt tung på labben og svak i syre. Men det var eit interessant innslag av appelsinmarmelade. Med 260g/l restsukker er dette langt over grensa for Aszu Eszencia, men det hadde betydd 5 år på fat i staden for 3, så Gergely valde å tappe den som 6 puttonyos i staden. 1999 6 puttonyos var mørk ravfarga, hadde fin glatt tekstur og god syre. Mineralsk vin med laang ettersmak. Med Aszu Eszencia 1998 på 260+ g/l restsukker begynner det å bli temmelig heavy. Dominert av tropiske frukter med lang ettersmak. Finalen er ein Eszencia frå 2000. “Vinen” kjem i 375 ml flaske og har over 600 g/l restsukker. Praktisk tala ingen alkohol, den byrja rett og slett ikkje å gjære. Lys ravfarga og tjukk som gele. Ein kakafoni av fruktsmakar frå sitrusfrukter, pære og tropiske som kokos, ananas og mango i tillegg til honning og blomar. Utan alkohol vert det eit “lett” produkt med balanserande syre. Men bevares, søtt var det!

Disznókö litt søraust for Mád har 100 hektar i produksjon og eit flunkande nytt og moderne produksjonsanlegg. Her er det sprøyta inn mykje frisk euro frå dei nye eigarane i Axa Millésimes. Det var guiding i vinmarkene og anlegget og det er tydeleg at det vert satsa litt på turistar og grupper. Dei fekk dog litt trøbbel med PowerPoint-presentasjonen.. Disznókö produserer heile lina frå ein tørr furmint, via late harvest, szamorodni, 3-6 puttonyos Aszu, Aszu Eszencia og til Eszencia. Vinane herifrå var reine og gode og dei hadde den mest overtydande av 2000-vinane eg smakte på turen. Ein 5 puttonyos 2000 var frisk utan det tunge preget som ein del andre frå denne årgangen framviste. Det var også eit deilig aprikospreg og god finish.

Så bar det attende til Mád og til Mr. Tokaj himself, Istvan Szepsy. Han var tydeleg ein travel mann som dreiv med green-harvest for tida. Men eit besøk frå Noreg kunne han då skvise inn. Det hadde vore ein usedvanlig varm mai og juni og Szepsy hadde tru på at 2007 kunne bli eit bra år. Etter mange klamme smakingar i kalde kjellarar var det godt å sitje ut på terrassen i varmen og vinden. Han skjenka fyrst to tørre. Ein søtlig duftande og rik furmint Szent Tamás 2003, og ein Kiralyudvar Furmint Urágya 2000. Kiralyudvar er ein ganske ny produsent der Istvan Szepsy inntil nylig arbeidde som vinmakar. Vinen var ekstremt mineralsk og god og det var tydeleg at Szepzy sjølv var godt nøgd med denne vinen. Dette var eit eksempel på at Tokaj har gode terroir som med godt handverk og lågt utbytte også kan gje svært interessante tørre vinar. Szepsy fortalde også at han med tida ville prøve å lage så mykje som ti ulike tørre vinar. Denne vinen viste at vi har mykje å gle oss til i framtida. Dei søte vinane som kom på bordet var ein Szamorodni 2003, ein Cuvee og ein 6 puttonyos 2002. Eg tok ikkje notat, men vinane hadde ein tekstur og balanse som var hakket betre enn det eg tidlegare hadde smakt under mitt besøk i Tokaj.

Det vart tid for retur til Budapest, og kofferten var noko tyngre enn då eg kom til Tokaj..


Ingen kommentarar til “Ten bottles of sweetness, five litres of gold”  

  1. Ingen kommentarar

Kommenter



Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no