I cup er det vinn eller forsvinn.
Publisert av Håvard Flatland, 8. februar, 2008 i Produsent, Vintips0 kommentarar
Smør, fennikel og fat. På tilbod!
Det norske Vinmonopol er ikkje akkurat kjend for tilbodsvarer og januarsal. Men i dag var eg ein tur på polet i Hammerfest, og trur du ikkje at der i det vesle kjøleskåpet innerst i lokalet låg det nokre flasker Meursault til under halv pris! I prislista står det at denne vinen kostar 412 kroner, men no fekk eg meg ei flaske premier cru for 200! Endelig var det tid for å ta fram pokalen, det store Riedel Montrachet-glaset.
Men eg vart litt urolig for prisnedsetjinga, kunne det skuldast dei mange urovekkjande meldingane om for tidleg oksiderte kvitvinar frå sentralburgund og Chablis? Dette vart fyrst oppdaga i vin frå 1996-årgangen, utan at ein heilt forstod kvifor. Seinare har det dukka opp fleire vinar frå ulike årgangar og produsentar både i sentralburgund og i Chablis. Det ser ut til at ein av grunnane er ein trend til å svovle vinane så lite som mogleg, i og med at mange produsentar har gått over til meir eller mindre biodynamisk produksjon der tilsetningar som til dømes svovel helst skal unngåast, og at det truleg har vore for lite svovel i vinane. Svovelsulfitt er eit universalmiddel i vinproduksjon og er mellom anna med på å stabilisere vinen og hindre oksidasjon. Dette har vorte eit såpass stort problem at samlarar som til dømes Rune Pal og Jan Bruse Andersen på Vossevangen Park Hotell har kutta ut å kjøpe inn meir av denne typen vin.
Denne vinen hadde heldigvis ikkje dette problemet. Ni år gamal er han fin i formen og tåler nok fleire år til på langs i mørkret.
Olivier Leflaive starta opp i 1984 saman med sin bror Patrick og onkel Vincent og dei har i dag 12 hektar i produksjon. Det meste er kvitvin frå Puligny, Chassagne og Meursault. I kommunen Meursault finnst det ingen Grand Cru, men det er vel konsesus om at Les Perriéres er den beste vinmarka. Les Poruzots er på 11,43 hektar og ligg om lag midt i kommunen, som den nest nordlegaste av 1. cru-ane på ei line etter Les Charmes og Les Genevrières. Les Poruzots vert av burgunderkjennar Clive Coates MW karakterisert som litt “foursquare, even a little sauvage” samanlikna med naboen Genevrières. Tja, eg likte denne vinen. Han var ganske kompleks, og det utvikla seg fleire nyansar etter ei tid i glaset. Men “firskoren”? Ja, litt grov. Ikkje silke, men meir som, hmm, fleece?
Meursault 1. cru Les Poruzots 1999, Olivier Leflaive
Ganske mørk strågul farge.
Fatprega (smør og vanilje) fyldig lukt. Også snev av anis, skinke, nøtter, gule epler og hummarskal.
Nøtter og fennikel i smaken. Fyldig vin med sitrussyrer og litt alkoholisk ettersmak. Litt plump vin, manglar det vesle ekstra når det gjeld “flow” i munnen, men slett ingen dum sentralburgunder.


Ingen kommentarar til “I cup er det vinn eller forsvinn.”
Please Wait
Kommenter