I tillegg til å fylle opp kjellaren med flasker, vert det stadig trangare i bokhyllene også. Det er ikkje til å stikke under ein stol, så mange stolar har vi ikkje, at det vert kjøpt litt vinlitteratur også. Dei siste innkomne og lesne er Hugh Johnson A life uncorked, Riesling Renaissance av Freddy Price, Tokaj: a companion for the bibulous traveller av David Copp og Questions of taste, the philosophy of wine, som er ei samling artiklar sett saman av ein Barry C. Smith. Hugh Johnson si bok er nesten ein sjølvbiografi der vi følger Johnson sin veg inn i vinverda, frå fyrste openberring som student under smaking på universitet, til ein aldrande mann sin velfylte kjellar etter eit langt liv som vinskribent og forfattar. Rieslingboka var skuffande, ikkje mykje nytt å få vite frå den. Tokajboka var ei svært grei reisehandbok for dei som ønskjer å reise til dette legendariske vindistriktet. Eg var sjølv i Tokaj i fjor sommar, og det er litt moro å sjå at forfattaren trekkjer fram dei same vinane som eg likte då eg smakte rundt hjå ulike produsentar.
Dersom du er interessert i skikkeleg highbrow-lesnad om vin, kan eg tilrå Question of taste, the philosophy of wine. Mange seriøse artiklar om til dømes forsking på korleis hjernen reagerer på smak, vinsmakingsvokabular og eit intervju med Ridge Wines vinmakar Paul Draper. Kostar ein slikk og ingenting på amazon.com.

Ingen kommentarar til “Teori”
Please Wait
Kommenter