Arkiv for mars, 2008



Domaine Robert Ampeau er ikkje heilt som andre vinprodusentar. Dei fleste legg vinen sin ut for sal straks han er ferdig tappa. I Bordeaux sel dei faktisk vin før han er ferdig, såkalla en primeur-sal. Hjå Ampeau derimot kjem vinen fyrst ut for sal når dei sjølv meiner han er drikkemogen. Vinen ligg også berre [...]

Gerard Duplessis er ein 61 år gamal skjeggete kar som lagar svært god Chablis. 7,5 hektar er alt han eig, men kvaliteten er knall. I tillegg til ordinær Chablis og litt Petit Chablis vert det laga 1. cru Montmains, Vaillons, Montée de Tonnerre, Fourchaume og grand cru Les Clos. Stilen er ikkje rustikk, men heller [...]

I helga hadde vi besøk frå sør, og frå kjøkenet vart det servert Finnmarksmat. Fyrst tre rettar med kongekrabbe. Kokt kald krabbe med selleripuré og appelsinvinaigrette. Bisque på kongekrabbe, og steikt kongekrabbe med vaniljeskum. Til dette drakk vi ein Chablis 2005 frå Laurent Tribut. Eg hadde dekantert vinen og lufta han i tre timar, men [...]

Eg fekk to sjokolader i posten, og tenkte eg kunne poste litt om dei og ta ein duell. Det var ein Valrhona Araguani og ein Domori Puertofino. Dei har høvesvis 72 og 70% kakaoinnhald. Valrhona er ein av dei gode gamle i kvalitetssjokolade-gamet og har halde på sidan 1924. Dei har vore ein viktig leverandør [...]

Riesling er tysk, sangiovese er italiensk, furmint ungarsk og zinfandel er ein amerikansk spesialitet. Pinot Noir er best i Frankrike og tempranillo er spansk. Men kvar er heimlandet til muscat? No er riktignok muscat ein heil familie med om lag 200 druesortar, der muscat a petit grains og muscat ottonel er dei viktigaste. Vi [...]

Terrassevin?

Weingut Bründlmayer held til i Langenlois i Kamptal. Kamptal har saman med Kremstal og Wachau har dei siste åra fått mykje åtgaum for vinar av Riesling og Grüner Veltliner. Bründlmayer har 75 hektar vinmarker, og Grüner Veltliner står for 33%, medan Riesling dekkjer 25%. Riesling er planta i vinmarkene Steinmassel og Heiligenstein.
Riesling Kamptaler Terrassen 2003, [...]




Arkiv for Vinpressamars, 2008.

Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results

Kategoriar




Vinpressa.no