Eg fekk to sjokolader i posten, og tenkte eg kunne poste litt om dei og ta ein duell. Det var ein Valrhona Araguani og ein Domori Puertofino. Dei har høvesvis 72 og 70% kakaoinnhald. Valrhona er ein av dei gode gamle i kvalitetssjokolade-gamet og har halde på sidan 1924. Dei har vore ein viktig leverandør til konditori og hotellkjøken verda rundt, men har dei siste åra retta meir fokus mot forbrukarpakningar. Domori derimot er ein nykommar, men med svært ambisiøse mål. Gianluca Franzoni starta i 1994, og Domori har sidan forska mykje på kakaosortar. Dette har gjeve resultat, og dei har ein portefølgje med mange sjokoladar i absolutt verdsklasse.
Valrhona Araguani 72% Venezuela
Mørk brunraud farge. Nesten ikkje luftbobbler.
Rund mild sjokoladeduft. Smaken er ikkje heilt top notch. Mocca, litt eindimensjonal, ikkje veldig bitter men litt metalliske nyanser. Ok ettersmak. Ikkje på nivå med dei andre sjokoladane til Valrhona. Kakaoen kjem frå Venezuela. 75g delt i ti ruter.
Araguani er femte sjokoladen (hjul på vogna) til Valrhona i Grand Cru-serien. Men det står ikkje noko om at det er Grand Cru på denne 75gram plata, så kanskje dei har trekt det attende? Valrhona sine beste sjokoladar har relativt lågt kakaoinnhald. Dei tre plantasje-sjokoladane ligg på 64-65%, og dei andre i Grand Cru-serien har 64, 66 og 70%. Så kanskje ikkje Valrhona heilt har “fiksa” den nye trenden med om lag 75% kakaoinnhald? Sjå www.valrhona.com for meir info.
Domori Puertofino 70% Venezuela
Ganske lys raudbrun farge.
Svak duft av karamell. Intens sjokoladesmak. Det spesielle Domoripreget av rømme og blåmuggost. Voksaktig seig tekstur. Ingen bitterstoff. Mild og intens på same tid. Nesten heilt utan fruktassosiasjonar. Kakao frå Rio el Pilar, Venezuela. 25g delt i fire ruter.
Puertofino er ein av fem sjokolader i Chateau-serien. Kakaoen er ein criollo-subklone kalla ocumare 67. Denne er saman med Puertomar og Porcelana noko av det mest spanande i sjokoladeverda, spør du meg. No har det kome to til i same serie. Javablond 70% frå Java og Madagared 70% frå Madagaskar. Eg gler meg til å smake desse. For meir info om kakaosortar og Domori sjå www.domori.com.

Ingen kommentarar til “Sjokoladeduell”
Please Wait
Kommenter