Den vesle og truleg svært temporære vinklubben hadde stabla på beina nokre flasker syrah-vinar for avsmaking. Tre Rhone og ein australiar. Fredrik hadde teke med ei flaske frå eit opphald down-under for nokre år sidan, og var spent på korleis vi ville like denne vinen. Eg hadde no litt fordommar mot australsk shiraz, då det meste eg har smakt har vore syltetøyprega alkobomber. Men denne viste seg å vere fleire hakk betre.
Flight 1
Bress Heathcote Shiraz 2003, Fryers Wines
Djup raud, med brunlig alderspreg.
Søtlig jordbær- og kirsebærlukt. Vanilje og litt burgundersk søt jord. Mjuke tanniner og grei syre. Meir spanande på lukt enn på smak. Heng ikkje heilt saman, men god ettersmak. Overraskande.
Ca. 180 kroner
Saint-Joseph 2005, Domaine Courbis
Mørk raud med blåskjær.
Krekling og blåbær.
Litt lukka og forknytt, ganske tannisk. Med litt luft kom det meir frukt og saft fram. Matvin no, men kan nok ha godt av fem år til i mørkret.
Kr 199
Flight 2
Crozes-Hermitage 2005 Cuvée Louis Belle, Domaine Albert Belle
Bjørnebær, vanilje, bacon og svarte oliven. Søtlig duft.
God fylde og trøkk. Meir kompleks enn dei to føre. Snev av bringebærdrops på smak. God vin.
Kr 199
Crozes-Hermitage 2006, Domaine du Colombier
Mørk raudlilla.
Noko metallisk eller urinaktig ved opning, men det gav seg etter kvart. Søtlig men, kjølig frukt med bjørnebær. Fin kompleks miks av kjøtt og frukt. Litt røykpreg?
Kr 174
Fine eksempel på syrah i ulik stil og bruksområde. Bress 2003 overraska positivt. 2005 i Rhone treng enno litt tid. Vi hadde ikkje med Crozes frå Graillot, som er vel av dei beste frå den appellasjonen, så den får vi ta att ein annan gong. Kanskje kan vi ta med nokre Côte Rôtie og Hermitage også..


Ingen kommentarar til “Syrah/Shiraz”
Please Wait
Kommenter