Impulskjøp

Var ein tur på polet på Bystasjonen, og medan eg gjekk der og kikka i hyllene tok eg like godt med tre flasker til kassa og så vart det handel. Vanligvis har eg nøye studert meldingar og kritikk av ein vin før eg går til innkjøp, men denne gongen vart det på impuls. Og jammen vart eg positivt overraska. Med familie på besøk vart det opna to av dei. Fyrst ein Pierre Peters Cuvée de Réserve Blanc de Blancs Champagne. Fin mousse, gjærdeig og sitrusprega i starten, men med litt luft kom det grøne epler og godt steikt brødskorpe. God syre. Trass i at dette er rein chradonnay synes eg at den var mindre chardonnayprega enn ein Lanson Gold Label 1996 som eg drakk førre helg. Og den er jo med 53% pinot noir! Så var det tid for Quart de Chaume 2004, Château la Variére. Ein svært positiv overrasking. Eg såg i ettertid av vinforum.no gav litt lunkne kritikkar, så då vart eg skeptisk. Men det var det ingen grunn til. Lys gyllengul vin med kraftig generøs lukt av fersken og triple sec med ein underliggjande tone av mineral. Fyldig søt vin, med hint av marsipan. Viskøs, gjev skikkelege gardiner i glaset. 12% alkohol og 160 g/l restsukker. Eg trudde kanskje at den skulle vere meir som ein halvsøt “moelleux”, men dette var ein kraftpakke. Gode greier.


Ingen kommentarar til “Impulskjøp”  

  1. Ingen kommentarar

Kommenter



Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no