Hundekøyraren, provokatøren og perfeksjonisten Didier Dagueneau gjer ting på sin måte. Frå 11,5 hektar rundt Saint Andelain lagar han fire-fem Pouilly Fumé-cuveear som overgår det meste i den appelasjonen. Hans eiga øvre grense for utbytte er på 45 hl/hektar mot lovlige 55 hl/hektar. Dei to beste vinane hans er Pur Sang og Silex. Pur Sang kjem frå ei vinmark som heiter La Foile med leire- og kalksteinsjord. Vinen gjærar på eikefat som han sjølv har sett spesifikasjonane på.

Pouilly Fumé Pur Sang 1999, Didier Dagueneau, Pouilly Fumé, Loire, Frankrike

Endelig skulle eg smake på denne mykje omtala vinen. Eg hadde store forventningar, og dei infridde. Her var det på nasen ting som minna om Istvan Szepsy sine vulkanskduftande mineralske vinar frå vinmarker omkring Mád i Tokaj. Ei søtlig lukt av noko eg vil beskrive som ein blanding av røyk og “lemoncurd”. Det er også eit Chablismineralsk preg, og litt gule epler. Diskret eiketoner. Tørr vin med god konsentrasjon og litt oksidative epler i finish. No er vinen ni år. Det er kanskje ikkje meir å hente? Best på lukt. Svært ulikt det meste eg har smakt av sauvignon blanc frå både Loire og elles.


Ingen kommentarar til “Uryddig skjegg, reint blod”  

  1. Ingen kommentarar

Kommenter



Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no