Auslese frå soluret

Johann Josef Prüm-eigedomen har eksistert sidan 1911, då han vart skild ut frå S. A. Prüm. Tilhaldstaden er Wehlen på sørsida av Mosel. Vinmarkene derimot, ligg i solsteiken på nordsida. Zeltingen Sonnenuhr, Graacher Himmelreich og Bernkasteler Badstube er nokre av vinmarkene, men best er nok Wehlener Sonnenuhr.

Wehlener Sonnenuhr Riesling Auslese 1995, Joh. Jos. Prüm.

Epleprega syrlig auslese med moderat sødme. Mineralpreget kjem med litt luft. God, men ganske stram. Ikkje veldig generøs på lukt. Skal det berre vere slik, eller vil det blomstre? Dette kan nok sikkert lagrast i mange år til, men då vert det ikkje mykje sødme igjen.. Og det er vel litt av vitsen med auslese, eller? Kanskje løysinga er Goldkapsel neste gong. Eg er glad i syre, men her hadde eg ønskt meg meir sødme i rekneskapen.

På dag to er syra betre integrert og det er også litt smør. Gode greier.


Ingen kommentarar til “Auslese frå soluret”  

  1. Ingen kommentarar

Kommenter



Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results



Vinpressa.no