Familien Manetti hadde vore 300 år i keramikkbransjen då dei i 1968 kjøpte eigedomen Fontodi. Vinmark i Toscana var billig. Mykje dårlig vin i bastkledde flasker hadde vore med på å skape eit heller frynsete rykte for Chianti som kvalitetsvin. Sjølv om eigedomen var rimeleg, så måtte det investerast mkje i byggningar og nyplanting. No eig dei 67 hektar i Panzano i hjartet av Classico-regionen. Men deira kanskje beste vin er ikkje ein DOCG Chianti, men “røvarvinen” Flaccianello della Pieve. Flaccianello er ei vinmark på 10 hektar planta med sangiovese, og vinen ligg 16-18 månader på fransk eik. Fyrste årgang var 1981, og dette var av dei fyrste “supertoscanarane” med 100% sangiovese, dei fleste andre var “supre” på grunn av cabernet eller merlot.
Flaccianello della Pieve 2004, Fontodi
Mørk brunraud vin.
Litt grøn og urteaktig med litt støv. Er denne heilt korrekt?
På smak er det varme bær. Medium fylde og veldig snerp. Fin saftig finish. God vin, men alt for ung.
Flaccianello della Pieve 1995, Fontodi
Brunraud med lysare kant.
Flott nase av varme moreller og eik. Vanlije. Fruktig, ok ein god del eik, men ikkje dominerande. Ein del fjøs ved opning, men etter ein time er det nesten borte. Treng litt lufting.
Fruktig vin med fin syre, god fylde. Kirsebæraktig med mogne tanniner. På topp no etter min smak.

-Fjøsvin? Det har eg aldri høyrt om før! Det er vel knapt å anbefala å ta ein slurk av denne vinen før ein set seg på fjøs-krakken? I lengste laget å venta ein time før mjølkinga kan starta, mjølkespreng skal ikkje vera så bra?