Denne sida er komen opp fordi eg måtte ha ein stad å publisere artiklar og korte innlegg om vin og mat.
Om Håvard Flatland: Ein gladgut frå Førde i Sunnfjord. På trass av pietistisk oppvekst vart han interessert i vin allereie på VK-1 kokk i 1996. Tok kokke- og konditorfagbrev i Oslo. Vin har vore hobby i ti år, men han fekk i juni 2008 tilbod om jobben som sommelier på eit ikkje ukjend vinetablissement på Voss, og takka ja til det. Har sidan den gong fått augene opp for at det går an å lage god vin også utanfor Bourgogne og Mosel.
Posjert kveite og Chablis frå Duplessis. Reinsdyr og elegant Amarone. Confit de canard og mogen Burgund. Dessertvin og dessertvin.. Ahh!
Drikk god vin medan du enno har råd til det!
Du kan kontakte Vinpressa.no på følgjande epostadresse:
admin krøllalfa vinpressa punktum no