Author Arkiv for haavis



Eg prøver meg igjen på ein austerriksk riesling. Denne gongen frå Schloss Gobelsburg. Dei har røter tilbake til 1171, men sidan 1996 er det Moosbrugger og Bründlmayer som har hatt styringa med eigedomen. Same år vart dei medlem av Verein der Österreichischen Traditionsweingüter, som klassifiserte mellom anna Zöbinger Heiligenstein som ei Erste Lage-vinmark. Denne ligg [...]

Szepsy 2006

Vi var samla ein gjeng for å smake litt vin. Eg hadde med to flasker frå Istvan Szepsy som nett var handla inn via store omvegar, og litt bry. Og eg var svært spent på å smake. Dei nye vinane frå 2006 pluss 2003-utgåva av 6 puttonyos vart lansert på seinhausten i fjor, og eg [...]

Domaine Robert Ampeau er ikkje heilt som andre vinprodusentar. Dei fleste legg vinen sin ut for sal straks han er ferdig tappa. I Bordeaux sel dei faktisk vin før han er ferdig, såkalla en primeur-sal. Hjå Ampeau derimot kjem vinen fyrst ut for sal når dei sjølv meiner han er drikkemogen. Vinen ligg også berre [...]

Gerard Duplessis er ein 61 år gamal skjeggete kar som lagar svært god Chablis. 7,5 hektar er alt han eig, men kvaliteten er knall. I tillegg til ordinær Chablis og litt Petit Chablis vert det laga 1. cru Montmains, Vaillons, Montée de Tonnerre, Fourchaume og grand cru Les Clos. Stilen er ikkje rustikk, men heller [...]

I helga hadde vi besøk frå sør, og frå kjøkenet vart det servert Finnmarksmat. Fyrst tre rettar med kongekrabbe. Kokt kald krabbe med selleripuré og appelsinvinaigrette. Bisque på kongekrabbe, og steikt kongekrabbe med vaniljeskum. Til dette drakk vi ein Chablis 2005 frå Laurent Tribut. Eg hadde dekantert vinen og lufta han i tre timar, men [...]

Eg fekk to sjokolader i posten, og tenkte eg kunne poste litt om dei og ta ein duell. Det var ein Valrhona Araguani og ein Domori Puertofino. Dei har høvesvis 72 og 70% kakaoinnhald. Valrhona er ein av dei gode gamle i kvalitetssjokolade-gamet og har halde på sidan 1924. Dei har vore ein viktig leverandør [...]

Riesling er tysk, sangiovese er italiensk, furmint ungarsk og zinfandel er ein amerikansk spesialitet. Pinot Noir er best i Frankrike og tempranillo er spansk. Men kvar er heimlandet til muscat? No er riktignok muscat ein heil familie med om lag 200 druesortar, der muscat a petit grains og muscat ottonel er dei viktigaste. Vi [...]

Terrassevin?

Weingut Bründlmayer held til i Langenlois i Kamptal. Kamptal har saman med Kremstal og Wachau har dei siste åra fått mykje åtgaum for vinar av Riesling og Grüner Veltliner. Bründlmayer har 75 hektar vinmarker, og Grüner Veltliner står for 33%, medan Riesling dekkjer 25%. Riesling er planta i vinmarkene Steinmassel og Heiligenstein.
Riesling Kamptaler Terrassen 2003, [...]

Minst to søte

Hurra! Fredag vart eg far! Til ei søt jente med silkemjuk hud og eit preg av mjølk på nasen. Slikt måtte jo feirast lite grann. Jürgen kom med eit par flasker kjøpt på ebay.de. Blant anna ei flaske til av Gut Sonnenhof Ruländer Beerenauslese 1974. Den var diverre korka. Då måtte eg i kjellaren og [...]

Teori

I tillegg til å fylle opp kjellaren med flasker, vert det stadig trangare i bokhyllene også. Det er ikkje til å stikke under ein stol, så mange stolar har vi ikkje, at det vert kjøpt litt vinlitteratur også. Dei siste innkomne og lesne er Hugh Johnson A life uncorked, Riesling Renaissance av Freddy Price, Tokaj: [...]




Arkiv for Håvard Flatland.

Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results

Kategoriar




Vinpressa.no