Arkiv for kategorien'Nyhende'



Friuli

Vinnae 2003, Silvio Jermann
100% ribolla gialla.
Lys strågul.
Gule eple, bolledeig og litt oksidativ på lukt.
Litt tropisk på smak. Medium syre. Lett bitter finish. Ikkje veldig spanande. Kanskje betre i eit meir “normalt år? Skuffande.
Ribolla Gialla 2003, Stanislav Radikon, Oslavje, Venezia Giulia
Rosaoransje farge!
Søtlig duft av aprikos og litt mineral. Litt floral og noko såpete?
Syrlig vin med tanninbitt [...]

Flaccianello x 2

Familien Manetti hadde vore 300 år i keramikkbransjen då dei i 1968 kjøpte eigedomen Fontodi. Vinmark i Toscana var billig. Mykje dårlig vin i bastkledde flasker hadde vore med på å skape eit heller frynsete rykte for Chianti som kvalitetsvin. Sjølv om eigedomen var rimeleg, så måtte det investerast mkje i byggningar og nyplanting. No [...]

Riesling x 5

Fem karar var samla litt over Bellevue for å smake litt riesling. Fyrst ein landskamp mellom Frankrike, Tyskland og Austerrike, og til slutt to kosevinar frå Mosel.
Schlossböckelheimer Kupfergrube Riesling Spätlese Trocken 2005, Schäfer-Frölich, Nahe
Lys strågul. Tropisk lukt og litt mineral. Sjølv om dette er ein trocken, er det litt sødme. Epler og mineral også på [...]

Auslese frå soluret

Johann Josef Prüm-eigedomen har eksistert sidan 1911, då han vart skild ut frå S. A. Prüm. Tilhaldstaden er Wehlen på sørsida av Mosel. Vinmarkene derimot, ligg i solsteiken på nordsida. Zeltingen Sonnenuhr, Graacher Himmelreich og Bernkasteler Badstube er nokre av vinmarkene, men best er nok Wehlener Sonnenuhr.
Wehlener Sonnenuhr Riesling Auslese 1995, Joh. Jos. Prüm.
Epleprega syrlig [...]

Hundekøyraren, provokatøren og perfeksjonisten Didier Dagueneau gjer ting på sin måte. Frå 11,5 hektar rundt Saint Andelain lagar han fire-fem Pouilly Fumé-cuveear som overgår det meste i den appelasjonen. Hans eiga øvre grense for utbytte er på 45 hl/hektar mot lovlige 55 hl/hektar. Dei to beste vinane hans er Pur Sang og Silex. Pur Sang [...]

Gewürztraminer

Ny by, ny gjeng, nye vinar. Fire karar var samla oppe i lia med fin utsikt over Bergen til smaking av fem Gewürztraminer-vinar. Alt i alt litt skuffande resultat, men Hugel viste nok ein gong frå ei god side.
Gewürztraminer 2007, San Michele Appiano
Lys strågul vin. Lichi og litt eple. Syntetisk og litt metallisk lukt. Manglande [...]

Impulskjøp

Var ein tur på polet på Bystasjonen, og medan eg gjekk der og kikka i hyllene tok eg like godt med tre flasker til kassa og så vart det handel. Vanligvis har eg nøye studert meldingar og kritikk av ein vin før eg går til innkjøp, men denne gongen vart det på impuls. Og jammen [...]

Zantho Eiswein

Zantho er ein eigedom i Andau, Seewinkel. Byen ligg aust for Neusiedler See på grensa til Ungarn. Josef Umathum er ansvarleg for vinmarkene på til saman 70 hektar, medan Wolfgang Peck er sjef for kjellararbeidet. Jordsmonnet rundt Andau er sand og jernrik grus, og grøn og grå leire i sør.
Vinmarkene er planta med typiske austerrikske [...]

Syrah/Shiraz

Den vesle og truleg svært temporære vinklubben hadde stabla på beina nokre flasker syrah-vinar for avsmaking. Tre Rhone og ein australiar. Fredrik hadde teke med ei flaske frå eit opphald down-under for nokre år sidan, og var spent på korleis vi ville like denne vinen. Eg hadde no litt fordommar mot australsk shiraz, då det [...]

Eg drikk ikkje mykje Bordeauxvin, ei heller amerikansk. Men når det kjem ein “vin-film”, er det vel verd å sjekke kva dette er for noko. No kjem filmen Bottle shock, om den mild sagt overraskande vinkonkurransen i Paris i 1976. Vinhandlar Steven Spurrier arrangerte ei blindsmaking av toppkvalitets Cabernet Sauvignon- og Chardonnay-vinar frå Bordeaux og [...]




Arkiv for kategorien 'Nyhende\.

Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results

Kategoriar




Vinpressa.no