Arkiv for kategorien'Nyhende'
2. cru-slottet Pichon-Longueville i Paulliac lanserer 12000 flasker av andrevinen sin med Stelvin skrukork. Dette er flasker som skal til den britiske marknaden og det er den britiske importøren av Pichon-Longueville som har utfordra slottet til å prøve skrukork. Bordeaux er elles ganske konservativt når det kjem til ulike trendar, som til dømes biodynamisk [...]
Eikefat til lagring av vin har vore brukt i fleire hundre år. Forma har vore lik, men det har vore ulike storleikar. Dei vanligaste er franske barriques på 225 liter og italienske botte på opp til 700 liter. Fatet tilfører vinen smak og tretanniner, saman med ein liten oksidering. Eikefat vert brende og større eller [...]
På 1800-talet var det vanlig å piffe opp Bordeaux-vin med vin frå Hermitage i Rhonedalen for å få meir fylde og kraft. No har to markante vinmakarar frå dei to vinområda slått seg saman laga ein blandingsvin frå Bordeaux og Hermitage. Det er den flygande vinmakaren Michel Rolland og største vinmarkseigar i Hermitage, Michel Chapoutier [...]
I den årlege konkurransen til Academy of Chocolate i England var det Amedei som stakk av med topp tre i kategorien “Bean to bar”. Det vart delt ut fem gull i den kategorien og Amedei sin Chuao vart best, etterfølgd av Amedei Porcelana, Amedei Toscano Black 70%, Michel Cluizel Maralumi og Valrhona Araguani. Nykommar Malagasy [...]
Kina sin største vinprodusent Changyu har inngått eit samarbeid med den kanadiske icewine-produsenten Aolos om å byggje det som skal bli den største icewine-eigedomen i verda. Dei skal investere nærare ti millionar euro i eir nytt produksjonsanlegg i Benxi i provinsen Liaoning i det nordaustlege Kina. Det vart for fem år sidan planta 2000 hektar [...]
Den ultimate vinen frå Tokaj er Tokaji Eszencia. Dette er saft som renn av superbotrytiserte druer utan pressing og utan ein basevin til å starte gjæringa. Gjæringa tek ofte fleire år og kjem sjeldan over 5% alkohol. Vinen må ha minimum 450g/l restsukker, og det er også nokre minimumsgrenser for tørrstoff-ekstrakt og alkoholnivå. No har [...]
I Alsace har druetypen Sylvaner fått Grand Cru-status i følgje franske vinmyndigheiter (INAO). Førebels gjeld det berre for den 14 hektar store vinmarka Zotzenberg i Mittelbergheim i det nordlige Alsace. Stéphane Wants frå Domaine Alfred Wants spår at det no vil bli planta meir sylvaner. Sylvaner er i dag planta på 10% av vinmarkene i [...]
Matbloggen Chocolate and Zucchini kan tilrådast på det sterkaste. Det er ein fransk dame på 27 år frå Paris som etter kvart har gjort det til heiltidsgesjeft å skrive matartiklar til aviser, vekeblad og til bloggen. Ho held også på med si fyrste kokebok. Ettersom ho har vore to år i San Fransisco har ho [...]
Namneendring for tysk appelasjon
Publisert av Håvard Flatland, 19. august, 2006 i Nyhende0 kommentarar
Det går mot ei forenkling av eit av Tyskland sine kjende vindistrikt. Mosel-Saar-Ruwer kan bli til berre Mosel. Det er ein organisasjon av vinbøndene i Mosel-Saar-Ruwer som har kjempa fram dette. Dei meiner at det er for vanskeleg for utanlandske vinkjøparar å halde styr på og uttale lange tyske namn og at Mosel-Saar-Ruwer kan tolkast [...]
På Vinexpo i Hong Kong vart det lansert nokre nye uknuselege vinglas. Materialet vert kalla kwarx og er fyrst brukt i Mikasa sin nye serie “Open up”, som inneheld seks ulike vinglas som skal passe ulik vinstilar. Glasa har ei form som skal gjere det lettare å få i seg den rette mengda vin og [...]
Søk
Arkiv for kategorien 'Nyhende\.
