Arkiv for kategorien'Produsent'
Ettersom eg no skal slutte i jobben her nord og dra sørover, fekk eg nokre flasker Jürgen hadde kjøpt i Tyskland. Det skulle vise seg å vere litt i eldste laget..
Ockenheimer St. Jacobsberg Silvaner und Riesling Auslese 1966, Weingut Merz
Død.
Ockenheimer St. Jacobsberg Silvaner und Riesling Auslese 1970, Weingut Merz
Død.
Merler Klosterberg Riesling Auslese 1971, Ferdinand Pieroth
Mørk [...]
Gobelsburg Heiligenstein 2006
Publisert av Håvard Flatland, 20. april, 2008 i Produsent, Vintips0 kommentarar
Eg prøver meg igjen på ein austerriksk riesling. Denne gongen frå Schloss Gobelsburg. Dei har røter tilbake til 1171, men sidan 1996 er det Moosbrugger og Bründlmayer som har hatt styringa med eigedomen. Same år vart dei medlem av Verein der Österreichischen Traditionsweingüter, som klassifiserte mellom anna Zöbinger Heiligenstein som ei Erste Lage-vinmark. Denne ligg [...]
Vi var samla ein gjeng for å smake litt vin. Eg hadde med to flasker frå Istvan Szepsy som nett var handla inn via store omvegar, og litt bry. Og eg var svært spent på å smake. Dei nye vinane frå 2006 pluss 2003-utgåva av 6 puttonyos vart lansert på seinhausten i fjor, og eg [...]
Domaine Robert Ampeau er ikkje heilt som andre vinprodusentar. Dei fleste legg vinen sin ut for sal straks han er ferdig tappa. I Bordeaux sel dei faktisk vin før han er ferdig, såkalla en primeur-sal. Hjå Ampeau derimot kjem vinen fyrst ut for sal når dei sjølv meiner han er drikkemogen. Vinen ligg også berre [...]
Gerard Duplessis er ein 61 år gamal skjeggete kar som lagar svært god Chablis. 7,5 hektar er alt han eig, men kvaliteten er knall. I tillegg til ordinær Chablis og litt Petit Chablis vert det laga 1. cru Montmains, Vaillons, Montée de Tonnerre, Fourchaume og grand cru Les Clos. Stilen er ikkje rustikk, men heller [...]
Fem rettar, to vinar
Publisert av Håvard Flatland, 17. mars, 2008 i Mat, Produsent, Vintips0 kommentarar
I helga hadde vi besøk frå sør, og frå kjøkenet vart det servert Finnmarksmat. Fyrst tre rettar med kongekrabbe. Kokt kald krabbe med selleripuré og appelsinvinaigrette. Bisque på kongekrabbe, og steikt kongekrabbe med vaniljeskum. Til dette drakk vi ein Chablis 2005 frå Laurent Tribut. Eg hadde dekantert vinen og lufta han i tre timar, men [...]
Eg fekk to sjokolader i posten, og tenkte eg kunne poste litt om dei og ta ein duell. Det var ein Valrhona Araguani og ein Domori Puertofino. Dei har høvesvis 72 og 70% kakaoinnhald. Valrhona er ein av dei gode gamle i kvalitetssjokolade-gamet og har halde på sidan 1924. Dei har vore ein viktig leverandør [...]
Muscat Love
Publisert av Håvard Flatland, 8. mars, 2008 i Produsent, Vindistrikt, Vintips0 kommentarar
Riesling er tysk, sangiovese er italiensk, furmint ungarsk og zinfandel er ein amerikansk spesialitet. Pinot Noir er best i Frankrike og tempranillo er spansk. Men kvar er heimlandet til muscat? No er riktignok muscat ein heil familie med om lag 200 druesortar, der muscat a petit grains og muscat ottonel er dei viktigaste. Vi [...]
I cup er det vinn eller forsvinn.
Publisert av Håvard Flatland, 8. februar, 2008 i Produsent, Vintips0 kommentarar
Smør, fennikel og fat. På tilbod!
Det norske Vinmonopol er ikkje akkurat kjend for tilbodsvarer og januarsal. Men i dag var eg ein tur på polet i Hammerfest, og trur du ikkje at der i det vesle kjøleskåpet innerst i lokalet låg det nokre flasker Meursault til under halv pris! I prislista står det at [...]
Ein kollega som er frå Tyskland likar å kjøpe snodige ting på ebay. No har han også begynnt å kjøpe vin. Ei flaske har no tilfalle meg, og eg lar meg ikkje be to gonger. Det kan virke som dette er ei flaske frå ein Rebholz, men eg har ikkje funne ut om det har [...]
Søk
Arkiv for kategorien 'Produsent\.
