Arkiv for kategorien'Vintips'
Auslese/Biskopsberget
Publisert av Håvard Flatland, 1. august, 2007 i Produsent, Vindistrikt, Vintips0 kommentarar
Weingut Joseph Leitz held til i Rüdesheim i det tyske vindistriktet Rheingau. Her er det utmerka kvalitets-riesling frå blant andre vinmarkene Schlossberg, Rottland, Roseneck, Kaisersteinfels, Bischofsberg og Magdalenakreuz. Leitz har fått mykje god omtale dei siste åra i tysk, amerikansk, fransk og norsk vinpresse for vinane sine. 80% av produksjonen vert eksportert til USA, men [...]
Auslese/Soluret (**)
Publisert av Håvard Flatland, 20. juli, 2007 i Produsent, Vindistrikt, Vintips0 kommentarar
Markus Molitor held til i Wehlen på sørsida av elva, to steinkast nord for Bernkastel-Kues. Dei har 38 hektar vinmark i Mosel og 95% er planta med riesling. I vinmarka Zeltingen Sonnenuhr eig dei 5,1 hektar, og mesteparten av vinstokkane er over 80 år gamle og upoda. Jordsmonnet i vinmarka er både fint og steinete, [...]
Beerenauslese/Urtehagen
Publisert av Håvard Flatland, 18. juli, 2007 i Produsent, Vindistrikt, Vintips0 kommentarar
Faren til noverande sjef for Dr Loosen, Ernst Loosen, kom frå den vesle landsbyen Ürzig. Her gjer Moselelva ein sving mot aust og renn bedagelig nedover mot Lösnich, Kinheim, Kröv, Wolf, Traben-Trarbach og andre små vinlandsbyar. Bakanfor Ürzig ligg den sørvende vinmarka Würzgarten, som er stupbratt. Jordsmonnet er raud vulkansk jord og skifer. Vinstokkane til [...]
F***ing Merlot
Publisert av Håvard Flatland, 27. april, 2007 i Produsent, Vindistrikt, Vintips1 kommentar
Det har vorte mykje pinot noir og Burgund i glaset den tida Vinpressa har eksistert. Ein del nebbiolo også. Og det skammar eg meg ikkje over. Det har riktignok vore nokre litt skuffande vinar, men mest godt. Ei gledeleg overrasking var Gattinara 2001 frå Travaglini. Eg har også hatt ein del gode rieslingar og vinar [...]
Vin for poetar og visa verselinje
Publisert av Håvard Flatland, 7. januar, 2007 i Vintips0 kommentarar
Det er vanskeleg å skildre vin med ord. Spesielt om det er ein vin som ein likar særs godt, kan det vere vanskeleg å få fram kva som er bra og kor bra den faktisk er, til ein lesar av omtalen. Nokre nyansar og aromaer som til dømes sitron eller solbær er lettare å setje [...]
.. til den tredje torsdagen i november og Beaujolais Nouveau! På tide å høyre om ditt lokale pol skal ta inn nokre flasker. Eg er usikker om mitt pol får dei inn til dagen..
Beaujolais Nouveau er altså årets raudvin frå området Beaujolais sør i Bourgogne nord for Lyon. Druene (gamay) er plukka i august/september og [...]
Skaldyr, Jadot og sjokolade
Publisert av Håvard Flatland, 6. september, 2006 i Mat, Vintips0 kommentarar
Bryllaupsdag og tid for å bruke litt tid på kjøkenet for å diske opp litt for den betre halvdel. Det måtte bli noko inspirert av mi nyaste kokebok, Chocolat Fusion, av Frédéric Bau, sjefkonditor på sjokoladefabrikken (eller draumefabrikken?) Valrhona i Tain l`Hermitage. I denne 300-siders praktboka tek han steget inn i det salte kjøken, men [...]
Vinpressa.no sin redaksjon hadde invitert vener og kjende til mat- og vintur til Park Hotell Vossevangen sin restaurant Elysée. Underteikna hadde diskutert litt meny og vin med direktør Jan Bruse Andersen, medan for dei andre var det overraskingar på rekkje og rad. Fyrst bar det ned i kjellaren. Hotellet har tre vinkjellarar, kunne Andersen fortelje. [...]
Månefaser og egg – i spora til Rudolph Steiner
Publisert av Håvard Flatland, 12. mai, 2006 i Vintips1 kommentar
Biodynamisk vin, overtru og fjas eller framtida for verdas vinmarker? Økologisk vin er vin av druer dyrka utan sprøytemiddel og kunstgjødsel. Dei som lagar biodynamisk vin tek det litt lenger.
Planting, hausting og pløying vert gjort etter månefasar og konstellasjonar på himmelen, slik Rudolph Steiner si lære om ø¸kosofi fortel. Det er bra å lagre [...]
Det perfekte saltknask. Tørr sherry (Argüeso Amontillado) og skinke (Serrano). Det er som om skinka ropar på sherryen og vica versa. Eg let dei møte kvarandre. Ah.. Den tredje kameraten, oliven, kunne ikkje kome denne gongen. Vi får sjå når butikkane opnar etter påske.
Søk
Arkiv for kategorien 'Vintips\.
