Arkivside 2

Eg prøver meg igjen på ein austerriksk riesling. Denne gongen frå Schloss Gobelsburg. Dei har røter tilbake til 1171, men sidan 1996 er det Moosbrugger og Bründlmayer som har hatt styringa med eigedomen. Same år vart dei medlem av Verein der Österreichischen Traditionsweingüter, som klassifiserte mellom anna Zöbinger Heiligenstein som ei Erste Lage-vinmark. Denne ligg sørvend ned mot der elvene Donau og Kamp møtest. Øverste lag med jord er forvitra stein og vulkansk sand, med gamalt fjell i botnen. Gobelsburg lagar ei rekkje ulike vinar frå Kamptal og Kremstal og riesling står for 25% av produksjonen.

Zöbinger Heiligenstein Riesling 2006, Schloss Gobelsburg, Kamptal, Austerrike

Ganske mørk strågul farge.
Feit riesling med preg av tropiske frukter og fersken.
Fruktig og feit også i munnen. God fylde og litt tung på labben. Litt mineralske preg, men eg er ikkje heilt overbevist om at austerriksk riesling er det heilt store.

Vinstokkane var ca 35 år gamle og utbyttet var 45hl/hektar. Innhausta 2. november og lagra på austerrikske eikefat. Tappa i mars 2007. 13,5% alk.

Drukke til sitrusbakt kveite med blomkålkrem og appelsinkarameliserte rotgrønsaker.

Szepsy 2006


Vi var samla ein gjeng for å smake litt vin. Eg hadde med to flasker frå Istvan Szepsy som nett var handla inn via store omvegar, og litt bry. Og eg var svært spent på å smake. Dei nye vinane frå 2006 pluss 2003-utgåva av 6 puttonyos vart lansert på seinhausten i fjor, og eg handla inn nokre flasker. Det kom tre tørre og ein søt Tokaji Cuvée. Vi skulle smake ein tørr Furmint 2006 frå vinmarka Úrágya som ligg rett utanfor byen Mád, 20 km nord for sjølve Tokaj. Då eg var innom Szepsy i fjor sommar, fekk eg smake ein Kiralyudvar Úrágya 2000 som var fenomenal. Ein eksplosjon av vulkansk jordsmonn, ein skikkeleg terroir-vin. Kiralyudvar er ein annan produsent i Tokaj, som Szepsy arbeidde for før, og eg minstenkjer at det er deira parsellar Szepsy no har, og som denne vinen kjem i frå. Botond Cuvée 2006 er ein søt vin frå dei tre druetypane og frå ulike vinmarker. Laga litt enklare og rimelegare enn Aszu. 8-14 månader fatlagring, mot 28-34 for Aszu. Det vart også lansert ein tørr Kiraly frå druetypen hárslevelú og ein tørr furmint blanda frå fleire vinmarker.

Tokaji Furmint Úrágya 2006, Istvan Szepsy, Tokaj, Ungarn

Lys vin med litt grønskjær.
På nasen er det litt pæreaktige aromaer og vulkanske mineraler. Etter kvart ei søtlig fruktig lukt. Litt fatpreg. Fyldig vin med god syre. 14% alkohol er mykje og det er i grenseland her. Det vulkanske mineralpreget er der også på smak og blir med inn i ettersmaken og sit som eit fingeravtrykk heilt til neste morgon. Litt røff og ubalansert enno, men eg trur det blir betre med nokre år på langs.

14% alkohol, 1,6 g/l restsukker, 6,5g/l syre. Frå 46 år gamle vinstokkar. 4600 flasker produsert.

Botond Tokaji Cuvée 2006, Istvan Szepsy, Tokaj, Ungarn

Relativt lys gul vin.
Fruktsalat Rolls Royse! Eksposjon av fersken, sitrus og mineral. På smak er det eit krydra muskatellpreg, mineral, fudge, smør, papaya og sitrus. Flott balanse og ein deilig tekstur. Eg tenkte ikkje så mykje på syre i denne vinen. Den har heilt klart nok, men fyrst og fremst er det balanse. Dette er veldig godt å drikke no, men det blir vel ikkje verre med 10-15 år til?

12% alkohol, 141g/l restsukker, 8,1 g/l syre. 30% furmint, 40% hárslevelú, 30% muscat. 8400 flasker produsert.

flaskevolnay1.jpg

Domaine Robert Ampeau er ikkje heilt som andre vinprodusentar. Dei fleste legg vinen sin ut for sal straks han er ferdig tappa. I Bordeaux sel dei faktisk vin før han er ferdig, såkalla en primeur-sal. Hjå Ampeau derimot kjem vinen fyrst ut for sal når dei sjølv meiner han er drikkemogen. Vinen ligg også berre ni månader på fat, mot typisk 14-18 for for raudvin frå andre produsentar. Dette for at vinen skal vere bygd for lang langring. Det vert også gjord grep for å få høg syre og god konsentrasjon. At vinen kjem for sal fyrst etter mange år er attraktivt for restaurantar som ønskjer å tilby god gamal vin, utan å måtte planleggje ti år fram i tid. No er det ein Volnay frå 1991 som til sals her i Noreg. Frå dei 10 hektar vinmark Ampeau har i eige kjem det også Meursault, Pommard, Savigny, Puligny-Montrachet og Auxey-Duresses.

Volnay-Santenots 1. cru 1991, Robert Ampeau

Mogen lys burgundfarge med bruning og lysebrun kant.
Søtlig jord- og lauvprega vin med avdempa jordbær og litt sopp. Fin syre og gode tanniner. Eit godt kjøp. Ikkje mange mogne vinar av dette kaliberet å få kjøpt. Manglar likavel det vesle ekstra for å nå heilt opp. Litt kort ettersmak.

Servert til confit de canard med madeirasaus, tomatmarmelade, steikt østerssopp og graskarkjerner og trøffeltilsmakt potetmos. Ein fin match.

flaskechablis2.jpg

Gerard Duplessis er ein 61 år gamal skjeggete kar som lagar svært god Chablis. 7,5 hektar er alt han eig, men kvaliteten er knall. I tillegg til ordinær Chablis og litt Petit Chablis vert det laga 1. cru Montmains, Vaillons, Montée de Tonnerre, Fourchaume og grand cru Les Clos. Stilen er ikkje rustikk, men heller ikkje rein og moderne. Snarare noko midt i mellom. Vinar som ber preg av kimmeridgejord og gamle fat. Med god syrebalanse. Kva meir kan ein ønskje seg?

Chablis 2005, Duplessis

Strågul og fin.
Sitron, syrlige epler og litt sjø på lukt.
På tunga er det ein primær Chablis med sitronsyre, syrlige epler og litegrann fat. Også eit snev av mineral. Dog ikkje like spanande som det svært tiltalande østerpreget i f.eks. Montmains. Men slett ikkje verst. Kan kanskje bli meir spanande med litt alder. Vil på det noverande tidspunkt passe godt i sommarsol på terrassen. Og truleg innandørs til litt posjert fisk. Av dei meir syrlige chardonnay-vinane eg har smakt. Og det er eit komplement.

flaskechablis1.jpg

I helga hadde vi besøk frå sør, og frå kjøkenet vart det servert Finnmarksmat. Fyrst tre rettar med kongekrabbe. Kokt kald krabbe med selleripuré og appelsinvinaigrette. Bisque på kongekrabbe, og steikt kongekrabbe med vaniljeskum. Til dette drakk vi ein Chablis 2005 frå Laurent Tribut. Eg hadde dekantert vinen og lufta han i tre timar, men det var kanskje ikkje nok? Ganske gjerrig i allefall på lukt. Smak av gule epler, fenikkel og fat. Limeaktig syre og fin balanse. God vin, men treng meir tid. Så var det reinsdyrmedaljong med Madeira-viltsjysaus og sopp. Til dette vart det skjenkt ein Crozes-Hermitage 2002 frå Alain Graillot. Dette var eit vanskelig år i Rhonedalen, med mykje regn, rote og dårlig mogning. Eg må seie at Graillot har klart seg bra. Ikkje like god som eg hugsar 1998-utgåva tok seg ut for eit par år sidan, men godkjend. Kjølig frukt, medisinskap, urter og tørr fin avslutning. Til dessert laga eg ein crême brulée.

I slutten av påska kjem meir besøk. Då vert det meir kongekrabbe og meir Chablis. Truleg Duplessis 2005.

sjokoillustrasjon1.jpg

Eg fekk to sjokolader i posten, og tenkte eg kunne poste litt om dei og ta ein duell. Det var ein Valrhona Araguani og ein Domori Puertofino. Dei har høvesvis 72 og 70% kakaoinnhald. Valrhona er ein av dei gode gamle i kvalitetssjokolade-gamet og har halde på sidan 1924. Dei har vore ein viktig leverandør til konditori og hotellkjøken verda rundt, men har dei siste åra retta meir fokus mot forbrukarpakningar. Domori derimot er ein nykommar, men med svært ambisiøse mål. Gianluca Franzoni starta i 1994, og Domori har sidan forska mykje på kakaosortar. Dette har gjeve resultat, og dei har ein portefølgje med mange sjokoladar i absolutt verdsklasse.

Valrhona Araguani 72% Venezuela

Mørk brunraud farge. Nesten ikkje luftbobbler.
Rund mild sjokoladeduft. Smaken er ikkje heilt top notch. Mocca, litt eindimensjonal, ikkje veldig bitter men litt metalliske nyanser. Ok ettersmak. Ikkje på nivå med dei andre sjokoladane til Valrhona. Kakaoen kjem frå Venezuela. 75g delt i ti ruter.

Araguani er femte sjokoladen (hjul på vogna) til Valrhona i Grand Cru-serien. Men det står ikkje noko om at det er Grand Cru på denne 75gram plata, så kanskje dei har trekt det attende? Valrhona sine beste sjokoladar har relativt lågt kakaoinnhald. Dei tre plantasje-sjokoladane ligg på 64-65%, og dei andre i Grand Cru-serien har 64, 66 og 70%. Så kanskje ikkje Valrhona heilt har “fiksa” den nye trenden med om lag 75% kakaoinnhald? Sjå www.valrhona.com for meir info.

Domori Puertofino 70% Venezuela

Ganske lys raudbrun farge.
Svak duft av karamell. Intens sjokoladesmak. Det spesielle Domoripreget av rømme og blåmuggost. Voksaktig seig tekstur. Ingen bitterstoff. Mild og intens på same tid. Nesten heilt utan fruktassosiasjonar. Kakao frå Rio el Pilar, Venezuela. 25g delt i fire ruter.

Puertofino er ein av fem sjokolader i Chateau-serien. Kakaoen er ein criollo-subklone kalla ocumare 67. Denne er saman med Puertomar og Porcelana noko av det mest spanande i sjokoladeverda, spør du meg. No har det kome to til i same serie. Javablond 70% frå Java og Madagared 70% frå Madagaskar. Eg gler meg til å smake desse. For meir info om kakaosortar og Domori sjå www.domori.com.

ausleseproidl3.jpg

Riesling er tysk, sangiovese er italiensk, furmint ungarsk og zinfandel er ein amerikansk spesialitet. Pinot Noir er best i Frankrike og tempranillo er spansk. Men kvar er heimlandet til muscat? No er riktignok muscat ein heil familie med om lag 200 druesortar, der muscat a petit grains og muscat ottonel er dei viktigaste. Vi finn litt i Piemonte i Moscato d´Asti, lenger sør i Italia på øya Pantelleria, litt i Jeres, den utgjer 3% av Alsace og 5% av Tokaj. Den vert til sterkvin, som i Muscat de Rivesaltes og Beaumes-de-Venise i Frankrike, Moscatel de Setúbal i Portugal, Massandra på Krimhalvøya og i Rutherglen og Glenrowan i Australia. Men kvar kjem muscat i frå? Eg veit ikkje. Allsidig er ho i allefall denne drua. Frå 4% florlett Asti til 20% sirups-Sherry. Knastørr eller supersøt.

Vinen eg har smakt i dag kjem frå Austerrike, men muscat er ikkje så veldig utbreidd der. Ser at den no er utgått frå listene til polet. Vi kan vone at den kjem attende.

Senftenberger Rameln Gelber Muskateller Auslese 2004, Weingut Proidl, Kremstal, Austerrike.

Strågul farge.
Veldig fin søt krydra drue- og rosinaktig lukt. Minner litt om ein Tokajer.
Halvtørr/halvsøt vin med litt uryddige “grønne” syrer. Treng dette tid for å finne forma? Litt rotete grapefruktsyrer/bitterstoff som ikkje harmonerer med resten. Lang ettersmak, men det er med eit preg av dette litt harde grønne.

13% alk, 56g/l restsukker.

ausleseproidl1.jpg

Terrassevin?

flaskebrundlmayer1.jpg

Weingut Bründlmayer held til i Langenlois i Kamptal. Kamptal har saman med Kremstal og Wachau har dei siste åra fått mykje åtgaum for vinar av Riesling og Grüner Veltliner. Bründlmayer har 75 hektar vinmarker, og Grüner Veltliner står for 33%, medan Riesling dekkjer 25%. Riesling er planta i vinmarkene Steinmassel og Heiligenstein.

Riesling Kamptaler Terrassen 2003, Weingut Bründlmayer, Kamptal, Austerrike, 12,5% alk.

Lys strågul vin.
I nasen er det tropiske frukter som dominerer i tillegg til litt sitrus.
Tropiske frukter også på smak. Heilt grei syre. Litt bitterstoff (grapefrukt) i avslutninga.
Ein av mine fyrste Rieslingar frå Austerrike. Kunne vore interessant å prøve nokre av presumtivt høgare kvalitet.
Vinen er ei blanding av druer frå høgareliggjande terrasser med steinete jord, og nokre lågare terrasser med løss. Frå 2007 kjem denne vinen med Stelvin skrukork.

Denne vart kjøpt inn då det vart skrive som mest om austerriksk vin for nokre år sidan. Men eg hadde trudd eg skulle få den i 2002, men så var det blitt 2003. Eit svært varmt år som ikkje slo så altfor heldig ut i dei fleste vindistrikt i Europa.

Minst to søte

Hurra! Fredag vart eg far! Til ei søt jente med silkemjuk hud og eit preg av mjølk på nasen. Slikt måtte jo feirast lite grann. Jürgen kom med eit par flasker kjøpt på ebay.de. Blant anna ei flaske til av Gut Sonnenhof Ruländer Beerenauslese 1974. Den var diverre korka. Då måtte eg i kjellaren og hente ei flaske auslese frå Saar.

Udenheimer Sonnenberg Silvaner Eiswein 2006, Weingut Zaun, Rheinhessen.

Veldig oransj til så ung vin å vere.
Søtt preg av fersken og rosiner på lukt og smak. Eit lite ureint innslag. Snill søt vin med litt tam syre. Godt ferskenpreg. Litt kort ettersmak.

Scharzhofberger Riesling Auslese 2001, Reichsgraf von Kesselstatt, Mosel-Saar-Ruwer.

Lys strågul farge med litt grønt.
Litt gjerrig på lukt. Epler, smør og sitrus.
Halvsøt frisk vin med nydelig lime-aktig syre. Epler og sitrus også på smak.

auslese1.jpg

Teori

vinbok1.jpg

I tillegg til å fylle opp kjellaren med flasker, vert det stadig trangare i bokhyllene også. Det er ikkje til å stikke under ein stol, så mange stolar har vi ikkje, at det vert kjøpt litt vinlitteratur også. Dei siste innkomne og lesne er Hugh Johnson A life uncorked, Riesling Renaissance av Freddy Price, Tokaj: a companion for the bibulous traveller av David Copp og Questions of taste, the philosophy of wine, som er ei samling artiklar sett saman av ein Barry C. Smith. Hugh Johnson si bok er nesten ein sjølvbiografi der vi følger Johnson sin veg inn i vinverda, frå fyrste openberring som student under smaking på universitet, til ein aldrande mann sin velfylte kjellar etter eit langt liv som vinskribent og forfattar. Rieslingboka var skuffande, ikkje mykje nytt å få vite frå den. Tokajboka var ei svært grei reisehandbok for dei som ønskjer å reise til dette legendariske vindistriktet. Eg var sjølv i Tokaj i fjor sommar, og det er litt moro å sjå at forfattaren trekkjer fram dei same vinane som eg likte då eg smakte rundt hjå ulike produsentar.

Dersom du er interessert i skikkeleg highbrow-lesnad om vin, kan eg tilrå Question of taste, the philosophy of wine. Mange seriøse artiklar om til dømes forsking på korleis hjernen reagerer på smak, vinsmakingsvokabular og eit intervju med Ridge Wines vinmakar Paul Draper. Kostar ein slikk og ingenting på amazon.com.




Dette er ei norsk vinside for alle som er interessert i vin. Her kan du lese artiklar og poste smaksnotat og synspunkt på vin i forumet. Velkommen!

Spørjeundersøking


Resten av livet: riesling eller litt variasjon?
View Results

Kategoriar




Vinpressa.no