Arkivside 3
I cup er det vinn eller forsvinn.
Publisert av Håvard Flatland, 8. februar, 2008 i Produsent, Vintips0 kommentarar
Smør, fennikel og fat. På tilbod!
Det norske Vinmonopol er ikkje akkurat kjend for tilbodsvarer og januarsal. Men i dag var eg ein tur på polet i Hammerfest, og trur du ikkje at der i det vesle kjøleskåpet innerst i lokalet låg det nokre flasker Meursault til under halv pris! I prislista står det at denne vinen kostar 412 kroner, men no fekk eg meg ei flaske premier cru for 200! Endelig var det tid for å ta fram pokalen, det store Riedel Montrachet-glaset.
Men eg vart litt urolig for prisnedsetjinga, kunne det skuldast dei mange urovekkjande meldingane om for tidleg oksiderte kvitvinar frå sentralburgund og Chablis? Dette vart fyrst oppdaga i vin frå 1996-årgangen, utan at ein heilt forstod kvifor. Seinare har det dukka opp fleire vinar frå ulike årgangar og produsentar både i sentralburgund og i Chablis. Det ser ut til at ein av grunnane er ein trend til å svovle vinane så lite som mogleg, i og med at mange produsentar har gått over til meir eller mindre biodynamisk produksjon der tilsetningar som til dømes svovel helst skal unngåast, og at det truleg har vore for lite svovel i vinane. Svovelsulfitt er eit universalmiddel i vinproduksjon og er mellom anna med på å stabilisere vinen og hindre oksidasjon. Dette har vorte eit såpass stort problem at samlarar som til dømes Rune Pal og Jan Bruse Andersen på Vossevangen Park Hotell har kutta ut å kjøpe inn meir av denne typen vin.
Denne vinen hadde heldigvis ikkje dette problemet. Ni år gamal er han fin i formen og tåler nok fleire år til på langs i mørkret.
Olivier Leflaive starta opp i 1984 saman med sin bror Patrick og onkel Vincent og dei har i dag 12 hektar i produksjon. Det meste er kvitvin frå Puligny, Chassagne og Meursault. I kommunen Meursault finnst det ingen Grand Cru, men det er vel konsesus om at Les Perriéres er den beste vinmarka. Les Poruzots er på 11,43 hektar og ligg om lag midt i kommunen, som den nest nordlegaste av 1. cru-ane på ei line etter Les Charmes og Les Genevrières. Les Poruzots vert av burgunderkjennar Clive Coates MW karakterisert som litt “foursquare, even a little sauvage” samanlikna med naboen Genevrières. Tja, eg likte denne vinen. Han var ganske kompleks, og det utvikla seg fleire nyansar etter ei tid i glaset. Men “firskoren”? Ja, litt grov. Ikkje silke, men meir som, hmm, fleece?
Meursault 1. cru Les Poruzots 1999, Olivier Leflaive
Ganske mørk strågul farge.
Fatprega (smør og vanilje) fyldig lukt. Også snev av anis, skinke, nøtter, gule epler og hummarskal.
Nøtter og fennikel i smaken. Fyldig vin med sitrussyrer og litt alkoholisk ettersmak. Litt plump vin, manglar det vesle ekstra når det gjeld “flow” i munnen, men slett ingen dum sentralburgunder.
Eg drikk ikkje mykje Bordeauxvin, ei heller amerikansk. Men når det kjem ein “vin-film”, er det vel verd å sjekke kva dette er for noko. No kjem filmen Bottle shock, om den mild sagt overraskande vinkonkurransen i Paris i 1976. Vinhandlar Steven Spurrier arrangerte ei blindsmaking av toppkvalitets Cabernet Sauvignon- og Chardonnay-vinar frå Bordeaux og Bourgogne mot nokre amerikanske vinar på same druer. I smaksjuryen sat franske vinjournalistar, vinmakarar og representatar for INAO i tillegg til Spurrier sjølv og ein amerikanar. Men berre dei franske stemmene talde i konkurransen. Mot alle odds stakk amerikanske vinar av med fyrsteplass i beggje kategoriar. Fleire frå juryen kunne ikkje tru resultata og oppførde seg heller uproffesjonelt. Spurrier vart bannlyst av leiaren for den franske vinindustrien og fekk ikkje delta på vinsmaking i Frankrike i eitt år. Franske aviser skreiv ikkje om saka og somme av juryemedlemmene tykte framleis det var pinlig å snakke om saka 30 år etterpå.
Steven Spurrier vert spela av Alan Rickman og filmen er regisert og produsert av Randall Miller. Filmen hadde premiere i USA i januar. Det er usikkert om og når filmen kjem til Noreg.
Ein kollega som er frå Tyskland likar å kjøpe snodige ting på ebay. No har han også begynnt å kjøpe vin. Ei flaske har no tilfalle meg, og eg lar meg ikkje be to gonger. Det kan virke som dette er ei flaske frå ein Rebholz, men eg har ikkje funne ut om det har noko med Ökonomierat Rebholz som no er ein respektert produsent i Siebeldingen i Pfalz. Det står ikkje noko alkoholinnhald eller kor mange cl som flaska inneheld, men det ser ut som 37,5cl. Druesorten er ruländer, betre kjend som pinot gris. Ikkje den druesorten eg drikk oftast, men eg har no eit par flasker med Alsace pinot gris i kjellaren. Det ser ikkje ut til at 1974 var nokon stor årgang i Pfalz, men vinen var grei nok den.
Gut Sonnenhof Ruländer Beerenauslese 1974, Gutskellrei Sonnenhof, Hanno Rebholz
Litt ureint under kapselen, men korken var elles i tipp topp stand.
Gyllen strågul farge.
Søtlig lukt av tørka frukt og appelsinmarmelade. Også botrytis.
Viskøs vin med eit markant men litt ufriskt botrytispreg. Litt bitterstoff i avslutninga. Manglar litt konsentrasjon og ein god finish. Held alikevel alderen med stil.
Trimbach Riesling 2005
Publisert av Håvard Flatland, 24. november, 2007 i Produsent, Vindistrikt, Vintips0 kommentarar
Familien Trimbach har laga vin i Alsace sidan 1626. Dei beste vinane kjem frå rieslingdrua og er Cuvée Frédéric Emile frå grand cru Osterberg og Clos Sainte Hune frå grand cru Rosacker. Stilen er klassisk og tørr, i motsetnad til ein del produsentar som den seinare tid har byrja å plukke svært seint, med ein del restsødme som resultat.
Trimbach Riesling 2005
Lys strågul farge.
Dempa preg av epler, mineraler og fersken. Ganske lukka på fyrste dag. Andre dag er det kome meir mineraler og kropp.
Epleprega relativt fyldig riesling frå Alsace. God balanse og fin ganske lang ettersmak. Kan nok med hell lagrast nokre år til. 2005 var eit svært godt år, så også i Alsace.
Auslese/Biskopsberget
Publisert av Håvard Flatland, 1. august, 2007 i Produsent, Vindistrikt, Vintips0 kommentarar
Weingut Joseph Leitz held til i Rüdesheim i det tyske vindistriktet Rheingau. Her er det utmerka kvalitets-riesling frå blant andre vinmarkene Schlossberg, Rottland, Roseneck, Kaisersteinfels, Bischofsberg og Magdalenakreuz. Leitz har fått mykje god omtale dei siste åra i tysk, amerikansk, fransk og norsk vinpresse for vinane sine. 80% av produksjonen vert eksportert til USA, men det er også mange vinar å få tak i her på berget. Bischofsberg er den største vinmarka til Leitz og vinstokkane er over 30 år gamle.
Leitz Rüdesheimer Bischofsberg Riesling Auslese 2004
Lys strågul vin med eit skjær av olivengrønt.
Frisk og slank auslese som er lett perlande i munnen. Fine syrer. Smak av mango og mandariner og eit lite mineralsk innslag. Vil sikkert få litt meir kjøt på beina etter nokre år til i kjellaren.
Druene er plukka ved 105 oechsle. 109 g/l restsukker og 8g/l syre. 7% alkohol. 50cl flaske.
Auslese/Soluret (**)
Publisert av Håvard Flatland, 20. juli, 2007 i Produsent, Vindistrikt, Vintips0 kommentarar
Markus Molitor held til i Wehlen på sørsida av elva, to steinkast nord for Bernkastel-Kues. Dei har 38 hektar vinmark i Mosel og 95% er planta med riesling. I vinmarka Zeltingen Sonnenuhr eig dei 5,1 hektar, og mesteparten av vinstokkane er over 80 år gamle og upoda. Jordsmonnet i vinmarka er både fint og steinete, med blå Devon-skifer. Zeltingen Sonnenuhr er byrjinga på “vinveggen” som strekker seg frå Zeltingen og går sør-austover og endar i Bernkastel og vinmarka Doctor.
Markus Molitor er mest kjend for sine søte vinar og i 2003 sette dei tysk oechsle-rekord med ein
Trockenbeerenauslese på 331 oechsle.

Vinveggen vestover mot Zeltingen. Fotografert frå Graacher Himmelreich.
Zeltingen Sonnenuhr Riesling Auslese** 1990, Markus Molitor
Strågul farge med eit skjær av grønt.
Ei svært likande lukt av flott integrert mineral, smør og botrytis, i tillegg til epler.
Søt og svært frisk vin med preg av tropiske frukter og epler. Deilig syre. Flott vin! Ai ai ai. Kjøp meir.
7% alkohol, 92,2 g/l restsukker og 9,2 g/l syre.
Beerenauslese/Urtehagen
Publisert av Håvard Flatland, 18. juli, 2007 i Produsent, Vindistrikt, Vintips0 kommentarar
Faren til noverande sjef for Dr Loosen, Ernst Loosen, kom frå den vesle landsbyen Ürzig. Her gjer Moselelva ein sving mot aust og renn bedagelig nedover mot Lösnich, Kinheim, Kröv, Wolf, Traben-Trarbach og andre små vinlandsbyar. Bakanfor Ürzig ligg den sørvende vinmarka Würzgarten, som er stupbratt. Jordsmonnet er raud vulkansk jord og skifer. Vinstokkane til Loosen i Ürziger Würzgarten er over 100 år gamle.



Dr Loosen Ürziger Würzgarten Riesling Beerenauslese 1995
Gullgul fin farge. Viskøs med “gardiner”.
Denne gule eliksiren luktar av mogne fersken, gule plommer, rosiner, smør, blomar og grøne urter.
Kremig, som dei sikkert ville sagt i Sverige. Flott glatt struktur. Smakar av fersken, mango og gule epler. Nesten ikkje botrytispreg. Søt vin med frisk syre. Kjekt med berre 7% alkohol.
Ten bottles of sweetness, five litres of gold
Publisert av Håvard Flatland, 3. juli, 2007 i Produsent, Vindistrikt0 kommentarar
Tokaj er eit vindistrikt i det nordaustlege hjørnet av Ungarn med om lag 5500 hektar vinmark. Hovudproduktet er søt vin frå botrytiserte druer. Om lag 65% er planta med furmint, 30% harslevelu, medan yellow muscat lenge har vore den tredje mest planta drua. Ho har dei siste åra fått konkurranse frå zeta, som er ein kryssing av bouvier og furmint. Men denne drua gir ikkje like spanande vin, så kvalitetsorienterte produsentar prøver å redusere bruken av denne drua. Det vert i staden oppmoda om å plante kövérszölö, som er av dei eldste sortane i Tokaj, men som vart borte etter phylloxera-angrepet på slutten av 1800-talet. Dei fleste vinar er blandingsvinar av fleire druetypar og ulike vinmarker. Nokre produsentar har i enkelte år laga enkeltvinmarksvinar, og Aszu-vinar frå anten furmint, harslevelu eller yellow muscat finnst det ein del av. Dei fleste produsentane har også nokre tørra vinar frå furmint og harslevelu i portefølgjen, men det virkar ikkje som det vert lagt så mykje kjærleik i produksjonen av desse.
Eg kom til Tokaj med tog frå Budapest seint på kvelden, og vart henta på jernbanestasjonen av husvert Andras og dotter hans som snakka engelsk. Det er elles litt dårlig med engelsk-kunnskap hos folk i Tokaj, men nokre kan litt tysk.
Dagen etter vart det ein tur innom Rákóczi-kjellaren i sentrum av gamlebyen i Tokaj. Dette er showroom for produsenten Hétszölö. Her har dei ein kjellar med eit rom som er 28 meter langt, ti meter breitt og det er fem meter under taket, i tillegg til fleire andre kjellargangar som er normalt trange, altså slik at ein må gå litt krombøygd for ikkje å stange i taket. Denne kjellaren er ikkje lenger i bruk til lagring av vin, då dei har flytt produksjonen til utkanten av byen. Her vart det omvisning og smaking av Aszu-vinar. Det generelle intrykket er god kvalitet, men dei mangla litt av det mineralske som eg av og til fann i vinar frå vulkansk jordmonn. Hétszölö sine vinmarker ligg stort sett på løss. 6 Puttonyos 1997 hadde snev av honning, blomar og ein livlig syre som enno ikkje var heilt i balanse med resten. Vil nok bli bra om nokre år.
Ikkje langt frå torget låg Himesudvar, ein produsent eg ikkje hadde høyrd om før. Dette er ei lita familiebedrift med kun 2,5 hektar i produksjon. Dei kjøper også litt druer. Høgdepunkta her var mellom anna ein 2006 Late Harvest Muscat, som hadde eit floralt og intenst muscatpreg. Frisk vin med gode syrer. Også 2002 6 Puttonyos var svært bra. Relativt lys 6P Aszuvin. Mineralsk og fruktig lukt. God lengde og flotte syrer. 198g/l restsukker og 11,2 g/l syre.
Neste dag vart det tur til landsbyen Mád, som ligg 20 kilometer nordvest for Tokaj. Her ligg mange av dei beste vinmarkene og mange produsentar har sine produksjonslokaler i eller omkring byen.
Fyrst ut var eit besøk hos Vince Gergely som driv eigedomen Üri Borok. Han hadde ein svært omfangsrik kjellar med mange nivå. Han var dimensjonert for 100 hektar produksjon, men hos Uri Borok er det berre 10 hektar med druer, så han hadde god plass. Mesteparten av druene kjem frå den historisk anerkjende vinmarka Szent Tamás, i tillegg til litt frå Nyúlászó og Bojta. Mr. Gergely stillte med elleve vinar. Fyrst ein tørr furmint og ein tørr harslevelu. Ein furmint demi sec 2002 hadde svært god syrebalanse og kunne minne om ein god auslese. I 2002 kom det ein del regn, og Gergely fortalde at dei måtte skunde seg å få druene i hus. Det vart difor ikkje noko Aszu, men eg smakte ein Szent Tamás Cuvee 2002, som med 153 g/l restsukker kvalifiserer til 6 puttonyos. Dette var ein svært smooth vin med livlig syre og eit markant ferskenpreg. 6 puttonyos 2000 var som ein del andre frå denne årgangen, litt tung på labben og svak i syre. Men det var eit interessant innslag av appelsinmarmelade. Med 260g/l restsukker er dette langt over grensa for Aszu Eszencia, men det hadde betydd 5 år på fat i staden for 3, så Gergely valde å tappe den som 6 puttonyos i staden. 1999 6 puttonyos var mørk ravfarga, hadde fin glatt tekstur og god syre. Mineralsk vin med laang ettersmak. Med Aszu Eszencia 1998 på 260+ g/l restsukker begynner det å bli temmelig heavy. Dominert av tropiske frukter med lang ettersmak. Finalen er ein Eszencia frå 2000. “Vinen” kjem i 375 ml flaske og har over 600 g/l restsukker. Praktisk tala ingen alkohol, den byrja rett og slett ikkje å gjære. Lys ravfarga og tjukk som gele. Ein kakafoni av fruktsmakar frå sitrusfrukter, pære og tropiske som kokos, ananas og mango i tillegg til honning og blomar. Utan alkohol vert det eit “lett” produkt med balanserande syre. Men bevares, søtt var det!
Disznókö litt søraust for Mád har 100 hektar i produksjon og eit flunkande nytt og moderne produksjonsanlegg. Her er det sprøyta inn mykje frisk euro frå dei nye eigarane i Axa Millésimes. Det var guiding i vinmarkene og anlegget og det er tydeleg at det vert satsa litt på turistar og grupper. Dei fekk dog litt trøbbel med PowerPoint-presentasjonen.. Disznókö produserer heile lina frå ein tørr furmint, via late harvest, szamorodni, 3-6 puttonyos Aszu, Aszu Eszencia og til Eszencia. Vinane herifrå var reine og gode og dei hadde den mest overtydande av 2000-vinane eg smakte på turen. Ein 5 puttonyos 2000 var frisk utan det tunge preget som ein del andre frå denne årgangen framviste. Det var også eit deilig aprikospreg og god finish.
Så bar det attende til Mád og til Mr. Tokaj himself, Istvan Szepsy. Han var tydeleg ein travel mann som dreiv med green-harvest for tida. Men eit besøk frå Noreg kunne han då skvise inn. Det hadde vore ein usedvanlig varm mai og juni og Szepsy hadde tru på at 2007 kunne bli eit bra år. Etter mange klamme smakingar i kalde kjellarar var det godt å sitje ut på terrassen i varmen og vinden. Han skjenka fyrst to tørre. Ein søtlig duftande og rik furmint Szent Tamás 2003, og ein Kiralyudvar Furmint Urágya 2000. Kiralyudvar er ein ganske ny produsent der Istvan Szepsy inntil nylig arbeidde som vinmakar. Vinen var ekstremt mineralsk og god og det var tydeleg at Szepzy sjølv var godt nøgd med denne vinen. Dette var eit eksempel på at Tokaj har gode terroir som med godt handverk og lågt utbytte også kan gje svært interessante tørre vinar. Szepsy fortalde også at han med tida ville prøve å lage så mykje som ti ulike tørre vinar. Denne vinen viste at vi har mykje å gle oss til i framtida. Dei søte vinane som kom på bordet var ein Szamorodni 2003, ein Cuvee og ein 6 puttonyos 2002. Eg tok ikkje notat, men vinane hadde ein tekstur og balanse som var hakket betre enn det eg tidlegare hadde smakt under mitt besøk i Tokaj.
Det vart tid for retur til Budapest, og kofferten var noko tyngre enn då eg kom til Tokaj..
Så langt mot nord som Moseldalen i Tyskland, er det ikkje over alt at druer kan mogne. Men i vinmarka Prälat (1,5 ha) over elva for landsbyen Erden, så mognar Riesling og vel så det. Dr. Loosen lagar her kun vinar på auslesenivå. Ein vanlig Auslese frå mogne friske druer, ein Auslese Goldcapsel med 50% botrytis og ein Auslese Lange Goldcapsel laga av fullt ut botrytiserte drueklasar. Denne vinen vert berre seld ved VDP-auksjonen i Trier. Vinstokkane til Dr. Loosen i Prälat er 100-120 år gamle, og dei er upoda! Dette gjer at 0,3% av desse vinstokkane døyr kvart år. Drikk vinen med audmjuke hjarta.

Bilete er teke frå elvebåt oppover Mosel, på ein interrailtur i 2004
Dr. Loosen Erdener Prälat Riesling Auslese Goldcapsel 1994.
Gullgul farge. Luktar honning, aprikos og botrytis. Gode eplesyrer og fin sødme. Truleg nærare beerenauslesenivå. Rundt 90-100 g/l restsukker. Kjennest ikkje så veldig søt. God mineralkarakter. Flott vin, men kunne kanskje vore endå meir syrlig?
F***ing Merlot
Publisert av Håvard Flatland, 27. april, 2007 i Produsent, Vindistrikt, Vintips1 kommentar
Det har vorte mykje pinot noir og Burgund i glaset den tida Vinpressa har eksistert. Ein del nebbiolo også. Og det skammar eg meg ikkje over. Det har riktignok vore nokre litt skuffande vinar, men mest godt. Ei gledeleg overrasking var Gattinara 2001 frå Travaglini. Eg har også hatt ein del gode rieslingar og vinar frå Veneto.
Men no er altså tida komen for å prøve Bordeaux. Austsida av Bordeaux. Merlot-land og leikegrinda til Christian Moueix og Michel Rolland. Garagevinar med mikrooksygenering, overmogne druer og mykje ny eik. Eller litt meir nøktern Pomerol. Desse vinane treng ikkje like lang lagring som Cabernet Sauvignon-baserte vestside-vinar og i bestillingslista finst det ein del ok vinar frå dei gode årgangane 1998, 2000 og 2001.
Fyrst ut er Château Chantalouette 2000, Pomerol til 255 kroner. Bordeaux er ganske dyrt, så dette er vel ein grei pris for dette kaliberet. Dette er andrevinen til slottet Château de Sales som med 47,5 hektar er Pomerol sin største eigedom. Jordsmonnet er grus og sand. Druemiksen er 80% merlot og 20% cabernet franc. Druene er handplukka og har 18 månader på fat.
Jordlig raudfarge. På lukt vert den dominert av nougat, paprika, fataroma og eit snev av jern. God fruktig vin med gode tanniner. Kan sikkert lagrast eit par år til. Fint eikepreg i tillegg til plommer ettersmaken. Kjem seg med litt lufting.
Søk
Dette er ei norsk vinside for alle som er interessert i vin. Her kan du lese artiklar og poste smaksnotat og synspunkt på vin i forumet. Velkommen!



